Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde spelarar og trenarar frå Aksla og Stordal fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stinn brakke også i Stordalshallen, heile helga fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nærare 1 000 spelarar var i aksjon, fordelt på heile 95 lag! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klatring var ein av fleire nye aktivitetar denne gongen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Hundrevis av friviljuge stiller på for å lage folkefest! fotograf Hallgeir Hove

Sjølvsagt vart det folkefest også denne gongen!

Stordalscup 2013 vart akkurat den folkefesten ein hadde grunn til å forvente. Til liks med det som har vore vanleg dei siste åra, reknar arrangørane med at det denne gongen var over 7000 besøkjande i samband med cuphelga. Tilbakemeldingane frå fjern og nær er også stadig like positive!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.08.2013

Som vanleg var det siste helga i juni det heile fann stad og arrangementet var, om mogleg, endå meir innhaldsrikt enn tidlegare. Frå fredag ettermiddag og fram til søndag kveld, var det eit yrande liv både på stadionområdet, i og utanfor Stordalshallen og sjølvsagt ute på det flotte grasteppet på Kirkebø.

Barnas cupfredag har vore fast dei siste åra. Dette er ein flott start på folkefesten, med karnevalstog frå sentrum, underhaldning og konsert frå utescena og A-kamp på Kirkebø stadion. Dette er eit samarbeid mellom Stordalscup og Barnas kommune.

Ein skjønar nok elles også at det er mange besøkjande, når mest alt av dyrka mark i området må takast i bruk for å få nok parkeringsplass! 

Heile 95 lag og nærare 1 000 spelarar deltok på fotballturneringane avvikla på laurdagen og søndagen og i tillegg var det som før ei rad messestandar både utandørs og inne i Stordalshallen. I Stordalshallen var det også denne gongen stort loppemarked der ein måtte ta i bruk delar av idrettshallen, i tillegg til ein stappfull grendasal, for å få plass. Inne i idrettshallen var det kafe, med eit kakebord det knapt fins makan til, og med jamne mellomrom fekk dei besøkjande underhaldning frå scena. Nytt denne gongen var det også at alle som hadde lyst, fekk prøve seg i den flotte klatreveggen der. Klatreklubben stilte opp med instruktørar, både laurdag og søndag.

På grusbana var det som vanleg stort tivoli og for mange av dei yngste er nok dette opphaldsstaden innimellom kampane ute på banene. Mange nytta også høve til å få prøve seg som bueskyttarar, då Vestnes Bueskyttere også denne gongen var på plass og instruerte. På grusbana var det elles også rigga til med skuddlaser, slik at den som ville teste skuddfoten fekk høve til det.

Denne gongen hadde også Stordalscup besøk av ein av landets fremste på fotballtriksing. Jonathan Åmot Olsen hadde teke turen frå Trondheim og det var tydeleg at dette var eit populært innslag. Både på scena i Stordalshallen og på utescena ved stadion fekk han synt fram magien med ballen. Innimellom oppvisningane sine lærte han velviljug frå seg sine triks til dei mange som ville lære.

Utedansen på laurdagskvelden vart også særs vellukka, med om lag 750 på plass. Stordal Dansebandforening imponerte nok ein gong med sine musikalske ferdigheiter og skapte verkeleg stemning der dei framførte den eine "hit´n" etter den andre. 

Sjå bildegalleriet med over 200 bilder på Stordalshallen si facebookside! 

Sjå eige bildegalleri frå Barnas Cupfredag, for å få eit inntrykk av alt det kjekke som skjedde den første dagen av Stordalscup 2013. (136 bilder)

Sjå mange fleire kjekke bilder på Stordalscup si eiga facebookside! 

Sjå også Radio Storfjord sin biletrapport frå Stordalscup 2013! 

Sjå gjerne også våre førehandsreportasjar for meir om både årets folkefest og om dei mange flotte arrangementa tidlegare år! (det er berre å fylje lenkene!)

Suksessoppskrifta bak Stordalscup er, som åra før, ei imponerande dugnadsånd der hundrevis av friviljuge stiller opp og kjenner oppgåvene sine i minste detalj. I tillegg høyrer det med å trekkje fram dei mange som kjem att, år etter år, og kvar på sin måte er med på å bidra til at dette vert ein slik folkefest! 

GRATULERER ALLE SAMAN!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove