Kenneth Ekroll - Saltdalshytta
Kenneth Ekroll er Saltdalshytta sin mann i Møre og Romsdal, med avdelingskontor både i Ålesund og Molde
Fotograf: Saltdalshytta
Aurora Nova fotograf Saltdalshytta
Fotograf: Saltdalshytta
Røros laft fotograf Saltdalshytta
Fotograf: Saltdalshytta
Villmark fotograf Saltdalshytta

Sjølvsagt ynskjer også Saltdalshytta å vere med!

Stadig fleire verksemder får med seg at Stordalshallen har utvikla eit unikt profileringskonsept og samstundes at vi kan vise til eit enormt aktivitetsnivå. Fleire nye verksemder står for tur til å kome med og no har vi altså gleda av å presentere vår nye samarbeidspartnar; Saltdalshytta! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.10.2013

Når vi no presenterer vår nye samarbeidspartnar, snakkar vi faktisk om Norges største og mest solide hytteleverandør! Gjennom ein mannsalder har Saltdalshytta – blant anna takka vere dyktige medarbeidarar og ei bevisst satsing på produktutvikling – utvikla seg til å bli størst i landet.

Dei har heile 250 ulike hyttemodellar, fordelt på sju ulike stilartar! På nettsida til Saltdalshytta kan du nyte dei, alle saman, og truleg vil du finne akkurat den hytta som passar for deg. Men lett å bestemme seg, vert det ikkje! 


Avdelingskontor både i Ålesund og Molde!

Saltdalshytta har eit landsdekkjande forhandlarnett som betjener hyttekundar over heile Norge.

I tillegg til ein sentral organisasjon med hovudkontor rett sør for Rognan ved Saltdalen, har dei avdelinger i Oslo, Trondheim, Bergen, Stavanger, Røros og Lillehammer. Med den stadig aukande interessa for Saltdalshytta, vert det etablert stadig nye avdelingskontor rundt om og difor finn ein no avdelingskontor også i Molde og i Ålesund.

I Møre og Romsdal er det Kenneth Ekroll som kan hjelpe deg med å finne fram til hytta for deg! 


Kampanje 2014 - spar 60.000!

Om du planlegg å bygge hytte neste år er det mange kroner å spare om du bestiller før 15. november, og får hytta levert i løpet av vinteren eller våren. På ei gjennomsnittleleg hytte kan du spare opp til ca 60.000 kroner.

Sjølvsagt kan du fylje Saltdalshytta også på facebook!  
Gjer som over 4 000 andre du og!


Det er naturlegvis særs kjekt for oss å kunne ynskje Saltdalshytta velkomen som Stordalshallen sin samarbeidspartnar!   

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove