Fotograf: Hallgeir Hove
Mange av gjestane frå Skodje og Sunnylven samla på team-track´n. Klatresjef Kjell Mulelid (t.v.) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Lisbeth Farstad
Skytinga fell også i smak. fotograf Lisbeth Farstad
Fotograf: Lisbeth Farstad
Det er ganske så luftig oppe under taket i klatreveggen! fotograf Lisbeth Farstad
Fotograf: Lisbeth Farstad
Softball var nytt for dei fleste og innsatsen upåklageleg fotograf Lisbeth Farstad
Fotograf: Tove Nygård
Grendasalen også godt eigna til musikkøving fotograf Tove Nygård

Skodje og Sunnylven med felles øvingshelg

Skodje skulekorps og Sunnylven skulekorps avvikla sist helg felles øvingshelg i Stordalshallen. I løpet av dei tre dagane vart det mykje tid til øving og i tillegg var det innlagt instruksjon i klatreveggen og på skytebana, samt ei rad andre aktivitetar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.09.2012

Det er sjølvsagt musikkøving som er hovudingrediensen, på slike samlingar og dette skjedde i form av både gruppeøvingar, fellesøvingar og sjølvsagt vart det også tid til ei avsluttande minikonsert i grendasalen.

Det sosiale er også viktig ei slik helg og ekstra kjekt var det nok både for liten og for stor, at dei to korpsa gjekk saman om å gjennomføre øvingshelga. Trivelege fellesmåltid i grendasalen, MGP junior på storskjerm og sjølvsagt leik og moro i idrettshallen, høyrde også med.

Ein del av det deltakarane fekk vere med på var også eit aktivitetsopplegg på om lag 2,5 timar på laurdagskvelden. Då vart dei inndelt i 5 grupper og rullerte frå stasjon til stasjon og fekk prøve seg på ulike aktivitetar. I tillegg til instruksjonen i klatreveggen (der Kjell Mulelid og Hallgeir Hove var på plass), samt instruksjonen på skytebana (i Lars Johann Nygård sin regi), stod også team-track, minigolf, presisjonskast, skuddlaser, softball og anna kjekt på programmet. Det var ikkje vanskeleg å registrere at deltakarane syntest det var særs kjekt å få vere med og ikkje minst var opplevinga av å nå høgt opp i klatreveggen stor. (med eller utan høgdeskrekk frå før..)

Vi fekk eit klart inntrykk av at øvingshelga hadde vore vellukka og at dei som hadde vitja oss opplevde Stordalshallen som ein grei stad å avvikle det heile.

Vi nyttar også høve til å takke for hyggeleg besøk og ynskjer velkomen attende! 

Takkar også for bilder tilsendt. Sjå endå fleire i Stordalshallen sitt eige bildegalleri!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove