Skulekorpset inviterer til Nissefest!

Førstkomande tysdag, altså den 9. desember, er det klart for Nissefest i grendasalen. Det er skulekorpset vårt som inviterer, og då etter malen frå i fjor. Dermed får vi både minikonsert, tombola, kaker og kaffe m.m. og i tillegg er det all grunn til å tru at hovudpersonen sjølv også dukkar opp. Legg merke til at Nissefesten startar kl 19.00, og ikkje kl 18.00 som tidlegare opplyst.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.04.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Skulekorpset hadde førjulskonsert i grendasalen også i fjor fotograf Hallgeir Hove

Det driftuge korpset har hatt tradisjon på å lage til slike flotte førjulsarrangement og også i fjor hadde dei slik førjulskonsert i grendasalen.

Skulekorpset har også oppretta ei hending på facebook, der du kan få med deg dei siste oppdateringane og invitere fleire med på festen.

Sjå eigen plakat nedst på sida.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove