Sluttspel til helga!

Fotograf: Hallgeir Hove
fotograf Hallgeir Hove

Komande helg er det klart for sluttspel i Futsal-KM, for J 2001, i Stordalshallen. Både på laurdag den 10. januar (B-sluttspel) og på søndag den 11. januar, (A-sluttspel) kan du få med deg ei rad spanande og fartsfylte kampar frå kl 10.00 av. Siste kampen for helga, startar kl 18.00 på søndag, då det vert avgjort kven som kan få kalle seg kretsmeister. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.01.2015

I løpet av helga den 22. og 23. november, og etter eit prikkfritt arrangement i regi av fotballgruppa i Stordal IL, vart det klart kva for lag som skulle gå til hhv A- og B-sluttspel. Sjå gjerne reportasjen frå den gongen og gjerne også dei mange bilda vi fekk teke då.

Ekstra stas for oss som heiar på dei gule og raude naturlegvis, var det at arrangørklubben sine jenter klarte å kvalifisere seg til A-sluttspelet.

Men uansett kva for eit lag ein heiar på (heile 18 lag deltek!), vil det garantert bli mykje bra spel og fartsfyllte kampar, både på laurdag og søndag i Stordalshallen. Det er berre å gle seg!

Arrangørklubben nyttar Mylivescore og dermed kan du alt no sjå både puljeoppsett, tidspunkt for kampane m.m. Etterkvart vil også scoringane og oppdateringar av tabellar for sluttspelet kome på plass. (men du må vente til helga før det skjer!)

Vi ser fram til ei ny super KM-helg i Stordalshallen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove