Søk på trenings- og øvingstider no!

Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - Klikk for stort bilde

Som kjent er det slik at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året. Frå og med 1. januar 2018 vil nye trenings- og øvingstider verte gjeldande og ynskjer laget ditt plass, må det søkjast no. Sist frist er sett til søndag den 17. desember.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.12.2017

Tida flyg og snart har vi lagt ein ny innhaldsrik periode bak oss. Dette gjeld i høgste grad også med tanke på dei faste treningane/øvingane ved Stordalshallen. Som tidlegare år, er det behov for å gjere nokre justeringar på trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen ved nyttårsskiftet og difor må alle som ynskjer trenings- og/eller øvingstid passe på å melde inn ynskja sine.

Vi held fram med praksisen der fotballgruppa sjølv tek seg av fordelinga av treningstidene seg i mellom i idrettshallen. Utgangspunktet er framleis då at øvrige aktivitetar som t.d. leik for dei yngste, barneidrett, o.l. vert fordelt først - i og med at fotballen utgjer ein så stor andel av totalbruken. Barneidrettsgruppa har i ein periode no vore i bassenget, men rett etter nyttår, startar dei opp med aktivitet i idrettshallen, og då på onsdagane frå kl 1730 til kl 1915.

Leik for dei yngste hadde 1/3 av idrettshallen på tysdagane frå kl 17.30 til kl 18.30 (sal 1). Om det er fleire som ynskjer treningstid i idrettshallen, veit vi først etter søndag den 17. desember. 

Søknadsskjema finn du her (PDF, 110 kB)

Det er fint at søknadane som gjeld fotballtrening (altså frå kvart av dei aldersbestemte laga) vert sendt både til oss og til leiarane i fotballgruppa. Her er det også freistande å oppmode alle om å sjå etter muligheiter for å trene saman, på tverss av aldersgrupper. Kan fort bli betre treningar også dette, i tillegg til at det blir samla sett blir meir treningstid på den einskilde.

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove