Søk på trenings- og øvingstider no!

Alle som ynskjer faste trenings- og øvingstider ved Stordalshallen, i tidsrommet frå dags dato og fram til nyttår, kan søkje no. Legg merke til at fristen for å søkje er sett til fredag den 24. august.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.08.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Klart for øvingsaktivitet igjen, både i idrettshallen, på skytebana og i grendasalen fotograf Hallgeir Hove

Det er stor trenings- og øvingsaktivitet i Stordalshallen året rundt, men erfaringsmessig har det synt seg at alle som ynskjer det, har fått plass. Melder du inn behova dine før fristen, er det sjølvsagt lettare å få innfridd ynskja sine.

I tillegg til dei aktivitetane som har vore faste dei siste åra, er det sjølvsagt veldig flott om nye kan kome til. Tidlegare har det t.d. vore faste økter med bordtennis. Ein oppmodar difor også alle, som ynskjer å få i gong nye aktivitetar, til å ta kontakt med oss.

Nederst på sida her kan du laste ned eige søknadsskjema som skal nyttast.

I perioden fram til trenings- og øvingstidene er fordelte, må eventuelle treningar/øvingar avtalast særskilt.

Ein vil også i komande periode oppleve at enkelte faste treningar og øvingar må gå ut. (dette skuldast først og fremst fordi det er mange grupper utanfrå som ynskjer å besøkje Stordalshallen og ikkje minst dei mange flotte arrangementa der) Informasjon om faste treningar/øvingar som må gå ut, vil bli gjort kjent i form av oversikt på heimesida og i form av oppslag. Saman med oversikta over trenings- og øvingstidene vil det nemleg til ei kvar tid også ligge slik oppdatert oversikt. (Du har vel Stordalshallen si heimeside som startside, ikkje sant?)

Eige brukarmøte

Ein minner også om at alle grupper som i løpet av det komande året (altså fram til hausten 2013) ynskjer fast trenings- eller øvingstid, er forplikta til å stille med ein representant på brukarmøtet. Dette møtet vil bli helde onsdag den 19. september. Sjølv om mange av deltakarane på desse møta har vore med i årevis, er møta viktige. Ikkje minst er det viktig at det som kjem fram i møta, vert formidla vidare, innad i laga/gruppene. Fram til hausten 2010, har desse brukarmøta vore årlege. Etter den tid har vi prøvd ut ei ordning med slike møter annakvart år. (difor vart ikkje brukarmøte helde, hausten 2011) 


Med dette vil ein på ny få ynskje alle velkomne til trening og øving i Stordalshallen.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove