Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Taekwon-do er ein av dei nye aktivitetane som har fått faste treningstider i Stordalshallen fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)
Fotograf: Hallgeir Hove
Fotballen tek mykje plass i idrettshallen og difor viktig å vurdere kva grupper som evt kan trene saman fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Elin Vindsnes
Stordal skulerkorps kjem nok til å halde fram med faste øvingar på tysdagane fotograf Elin Vindsnes
Fotograf: Ingvild Parr
Folkedansarane har også hatt ein fast kveld i veka i grendasalen fotograf Ingvild Parr

Søk på treningstid no!

Det bør vere ei kjent sak at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året. Frå og med 1. januar 2015 vil nye trenings- og øvingstider verte gjeldande og ynskjer laget ditt plass, må det søkjast no!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.12.2014

Når vi no skriv 3. desember, er vi i full gong med innspurten av 2014 og dermed nærmar vi oss også eit nytt år med nye muligheiter som det vel heiter. I dette ligg det også at vi skal ha på plass nye trenings- og øvingstider ved Stordalshallen. For at dette skal skje på best mulig måte og for at flest mulig skal bli fornøgde, er det viktig at alle no passar på å melde inn ynskja sine.

Etter at trenings- og øvingstidene (gjeldande for hausten 2014) vart fordelte i midten av august månad, var det mange lag spesielt innan aldersbestemt fotball, som vendte seg til oss for å få plass. Ja faktisk gjerne både ein og to månader etter at tidene var fordelte. 

Det var også ein del som var lite nøgde med at enkelte lag hadde fått opp til fleire dagar i veka i den beste treningstida om kvelden, medan andre ikkje hadde fått plass i det heile.

For å unngå at liknande skal skje igjen, oppmodar vi særgruppene om å ta eit ekstra ansvar i høve til å få formidla vidare dette med at det må sendast inn søknad om treningstid, innad i gruppene. Om det viser seg å bli ei like stor utfordring å få fordelt treningstidene mellom dei ulike aldersbestemte laga i fotball også vidare framover, vil konsekvensen av dette bli at fotballgruppa sjølv vil få i oppgåve å fordele dei ledige tidene seg imellom.

Ikkje minst vert det igjen viktig å peike på at det bør vere naturleg å sjå føre seg at fleire aldersgrupper trenar saman, t.d. i fotball, nettopp for at det skal bli plass til alle. Dei som har lov til å vere oppe litt lengre om kveldane, må også finne seg i å trene seinare enn dei som nettopp har byrja på skulen, berre for å ha nemnt det og.

Kvar einskild gruppe må også vurdere endå nøgnare kor mykje treningstid ein strengt tatt treng og ikkje legge beslag på tider ein rett og slett ikkje klarer fylle opp med treningsaktivitet. Denne hausten har vi dessverre opplevd også slikt.

Vi minner nok ein gong om at det framleis vil bli slik at enkelte treningar/øvingar vil kome til å måtte gå ut, pga arrangement, besøk el.l. Oversikt over dette vil ein finne saman med oversikta over treningstidene (når den tid kjem)

Med dette oppmodar vi alle til å få sendt inn søknadsskjema (sjå nedanfor) til oss innan fristen, som altså er sett til SØNDAG DEN 14. DESEMBER!




   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove