Søk trenings- og øvingstid i Stordalshallen no!

Når vi no nærmar oss eit nytt år, og er i ferd med å legge nok eit særs aktivt halvår bak oss, er det på tide å få fordelt trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen igjen. Alle som ynskjer faste trenings- og/eller øvingstider må difor melde inn ynskja sine innan måndag 23. desember.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.12.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Frisbeegolf kan ein også halde på med i Stordalshallen! fotograf Hallgeir Hove

Dei fleste er klar over at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året, nemleg på hausten og ved nyttårsskiftet. Ein kan difor ikkje gå utifrå at dei tidene ein har hatt tidlegare, vert gjeldande vidare. Likevel er ein naturleg nok oppteken av å få det til slik at øvingar som har vore på faste kveldar/tider, kan vidareførast på same viset også vidare. Ikkje minst fordi det er avgjerande viktig å få til ei best mulig fordeling av trenings- og øvingstidene, og for den del aktivitetstilboda elles. På det viset kan ein i størst mulig grad unngå kollisjonar mellom tilbod som er retta mot same aldersgruppene. I ei lita kommune som Stordal, og der tilboda er så mange og varierte, er dette naturlegvis umåteleg viktig.

Trenings- og øvingsaktiviteten i Stordalshallen er stor året rundt. Erfaringsmessig har det likevel synt seg at alle som ynskjer det, har fått plass. Melder ein inn behova før fristen, er det sjølvsagt lettare å få trenings- og/eller øvingstid, som passar.

I tillegg til dei aktivitetane som har vore faste dei siste åra, er det sjølvsagt veldig flott om nye kan kome til. Fotball er nok den aktiviteten som er mest utbreidd, men tidlegare har det t.d. vore faste økter med både bordtennis og tennis. Ein oppmodar difor også denne gongen alle som ynskjer å få i gong nye aktivitetar, til å ta kontakt med oss.

Nedst på sida her kan du laste ned eige søknadsskjema som skal nyttast når du melder inn ynskje om fast trenings- og/eller øvingstid.

NB! Hugs fristen, som er sett til måndag den 23. desember!

I perioden fram til trenings- og øvingstidene er fordelte, må eventuelle treningar/øvingar avtalast særskilt.

Ein vil også i komande periode oppleve at enkelte faste treningar og øvingar må gå ut. Dette skuldast først og fremst at det er mange grupper utanfrå som ynskjer å besøkje Stordalshallen og ikkje minst dei mange flotte arrangementa her. Informasjon om faste treningar/øvingar som må gå ut, vil bli gjort kjent i form av eiga oversikt på heimesida. Oversikta over treningar/øvingar som vert råka (evt må gå ut) finn ein saman med oversikta over trenings- og øvingstidene.

Dei fleste av dykk har alt funne ut at Stordalshallen har eiga facebookside. Det er no like før vi passerer 500 personar som fyl oss på den måten og for alle desse vert det endå lettare å halde seg oppdatert på alt det som skjer.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove