Fotograf: Privat
Janet Roelofs (Ørskogkoret) og Hilde Dyrkorn (Stordal Hornmusikklag) ynskjer at endå fleire vil vere med fotograf Privat
Fotograf: Ørskogkoret
Ørskogkoret fotograf Ørskogkoret
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag fotograf Hallgeir Hove

Spanande konsertsamarbeid

Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret har starta eit musikalsk samarbeidsprosjekt som blir avslutta med to konsertar i midten av november. Laurdag den 15. november held dei konsert på Ørskog og dagen etter, altså søndag 16. november, skjer det i Stordal. Tema for konsertane er "Draumar". Dei ynskjer også få med endå fleire, anten ein har lyst til å synge, eller spele eit instrument.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.10.2014

Her presenterer vi fleire detaljar, vi har fått inn frå dei to engasjerte damene.

Hei du!

Ja… du! Har DU draumar? Vi har ein invitasjon til deg!

Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret har starta eit musikalsk samarbeidsprosjekt som blir avslutta med to konsertar: den 15. og 16. november (ein i Ørskog og ein i Stordal). Tema for konsertane er «Draumar». Vi treng forsterkningar og er difor på jakt etter personar som vil være med for å styrke både koret og korpset.

Har du lyst å vere med i dette prosjektet - enten med stemma di eller med instrumentet ditt - så er det DEG vi er på jakt etter.

Kommunegrensene skal ikkje være eit hinder! Du blir heller ikkje bunden til å melde deg inn som medlem i våre lag.


Detaljar:

* Øving med Stordal Hornmusikklag kvar tysdag i Stordalshallen frå kl.20.00.

* Øvingshelg Stordal Hornmusikklag: 6. og 7. september (i Stordal)

* Øving med Ørskogkoret frå medio september, kvar tysdag på musikkrommet på Sjøholt skule frå kl. 18.45.

* Øvingshelg Ørskogkoret: 31. oktober til 2. november (i Geiranger)



Har du spørsmål, trenger du nærare informasjon og/eller vil du melde deg på, så kan du gjerne ta kontakt med enten:

* Hilde Dyrkorn, leiar for Stordal Hornmusikklag (952 56 201) eller

* Janet Roelofs, leiar for Ørskogkoret (920 49 430)



Ver med og skap noko i lokalsamfunnet ditt.

La difor draumen din bli verkeleg!



Helsing,

Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove