Fotograf: Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret
Janet Roelofs (Ørskogkoret) og Hilde Dyrkorn (Stordal Hornmusikklag) vil ha deg med på eit spanande fellesprosjekt fotograf Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret
Fotograf: Ørskogkoret
Ørskogkoret er ein driftug gjeng, som har det særs kjekt saman fotograf Ørskogkoret
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag kan sjå attende på ei rad suverene konsertar fotograf Hallgeir Hove

Spanande samarbeidsprosjekt

Stordal Hornmusikklag og Ørskogkoret har starta eit musikalsk samarbeidsprosjekt som blir avslutta med to konsertar: den 15. og 16. november (ein i Ørskog og ein i Stordal). Tema for konsertane er «Draumar». No ynskjer dei å få med endå fleire på dette spanande prosjektet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.06.2014

I pressemeldinga frå dei to musikklaga heiter det:

"Har du lyst å vere med i dette prosjektet - anten med stemma di eller med instrumentet ditt - så er det DEG vi er på jakt etter. Kommunegrensene skal ikkje være eit hinder! Du blir heller ikkje bunden til å melde deg inn som medlem i våre lag."

Les heile pressemeldinga, som eigen pdf, nedst på sida. 

Det har etterkvart blitt mange reportasjar om Stordal Hornmusikklag på våre heimesider. Ta gjerne eit tilbakeblikk, for å få eit endå betre inntrykk av kor flott det er det dei får til!

Du finn også meir på Stordal Hornmusikklag si facebook-side.

Ørskogkoret har også eiga facebook-side, der du finn mykje meir om aktivitetane deira.

I tillegg har Ørskogkoret ei flott heimeside.

Vi gler oss sjølvsagt til å få oppleve resultatet av dette samarbeidsprosjektet i Stordalshallen i løpet av denne helga i november!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove