Fotograf: Lars Eivind Bones
Martine Aurdal er leiar for samfunnsavdelinga i Dagbladet fotograf Lars Eivind Bones
Fotograf: Stortinget.no
Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar og tidl ordførar i Hareid fotograf Stortinget.no
Fotograf: Hallgeir Hove
Eva Vinje Aurdal sit i formannskapet i Ålesund og er også fylkestingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Her frå opninga av Kyrkjehola Kulturbeite sist sommar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria Holand Tøsse er tilsett hjå NRK Møre og Romsdal. Du har også opplevd ho både på IDOL, Det store korslaget, UKM, i samband med Barnas kommune-arrangement og mykje anna fotograf Hallgeir Hove
Stemmerettsjubileet
Det blir inga dårleg opning på Stemmerettsjubileet her i Stordal heller!

Spanande temakveld onsdag 12. juni

Førstkomande onsdag kan du få med deg det første arrangementet i høve Stemmerettsjubileet 2013. Den lokale komiteen for jubileet, har fått med seg fleire profilerte kvinner til temakveld i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.06.2013

Dette vert altså ein kveld der fleire profilerte kvinner - dei fleste med tilknyting til Stordal, vil belyse og problematisere kvinners deltaking i politikk og samfunnsliv. Du får møte Eva Vinje Aurdal, Martine Aurdal, Maria Holand Tøsse og Gunn Berit Gjerde.

Det skulle ikkje vere naudsynt med ein omfattande presentasjon av desse fire og det er ikkje til å legge skjul på at det er stor stas at dei har takka ja til å delta. Likvel tek vi her med litt ekstra om den mest langvegsfarande av dei, nemleg Martine Aurdal. Ho er leiar for samfunnsavdelinga og kommentator i Dagbladet. Tidlegare har ho m.a. vore programleiar for talkshowet Studio 5, ho har vore ansvarleg redaktør i nyheitsmagasinet Ny Tid, arbeidd som journalist i ei rad aviser, starta opp eige tidsskrift og myke, mykje meir. Også Martine er nært knytta til Stordal, der besteforeldra Bodil og Knut Vinje bur.

På nyhendesida til Stordal kommune, kan du lese meir både om temakvelden komande onsdag og det som elles skal skje her, i løpet av jubileumsåret. 

Den lokale komiteen her i Stordal kommune har også oppretta eiga side på facebook!

Dette vil du ikkje gå glipp av!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove