Spar Kjøp Digernes med på vinnarlaget!

Butikksjef Birgit Innselset i lag med Spar Kjøp sin eigar, Iwan Eide Knutsen - Klikk for stort bildeButikksjef Birgit Innselset i lag med Spar Kjøp sin eigar, Iwan Eide Knutsen Sunnmørsposten Då Spar Kjøp opna det nye varehuset sitt på Digerneset, torsdag den 1. september, var det lange køer. Ei butikkflate på heile 2 600 kvm gjer varehuset til eitt av landets største med eit enormt vareutval. Dei gode parkeringsmuligheitene rett utanfor inngongspartiet, samt den perfekte beliggenheita, er nok også noko av forklaringa bak dei høge besøkstalla også i tida etter opninga. Det er ei stor glede for oss å kunne ynskje også Spar Kjøp Digernes velkomen som Stordalshallen sin samarbeidspartnar!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.02.2017

Flott inngongsparti tett attmed den stor parkeringsplassen til varehuset - Klikk for stort bildeFlott inngongsparti tett attmed den stor parkeringsplassen til varehuset Spar Kjøp Digernes - Lange køer då det flotte varehuset opna 1. september 2016 - Klikk for stort bildeSpar Kjøp Digernes - Lange køer då det flotte varehuset opna 1. september 2016 Sunnmørsposten Spar Kjøp Digernes - Spar Kjøp er viden kjent for sine tilbod på postordre, men med heile 2600 kvm butikkflate, har du no det aller meste berre få minuttar unna deg!   - Klikk for stort bildeSpar Kjøp Digernes - Spar Kjøp er viden kjent for sine tilbod på postordre, men med heile 2600 kvm butikkflate, har du no det aller meste berre få minuttar unna deg! Spar Kjøp Digernes - xmas 2 - Klikk for stort bildeSpar Kjøp Digernes - xmas 2 Det er Birgit Innselset som er butikksjef ved Spar Kjøp på Digerneset og ein kan vel trygt slå fast at varehuset dermed har fått på plass ein leiar som verkeleg har erfaring og kjennskap til dette med varehandel. Ein tur innom varehuset syner med all tydlegheit det store utvalet Spar Kjøp har i sitt sortiment og at det er lagt stor vekt på oversiktelegheit og system, er det heller ingen tvil om.

For å presentere vår nye samarbeidspartnar ytterlegare, har vi henta fram nokre reportasjar, i høve opninga og i tillegg har sjølvsagt Spar Kjøp Digernes både nettside og facebookside.

Flott reportasje i Sunnmørsposten same dagen som Spar Kjøp Digernes vart opna

Alt i mai 2014, skreiv Sunnmørsposten om Spar Kjøp sine planar om å etablere sitt 22. varehus, nettopp på Digerneset

Rett etter opninga i september var det også fin reportasje i KjedeMagasinet

I dagane før opninga i september, vart det også laga til ein kjekk filmsnutt som viser flotte lokaler og ein del av den supre betjeninga ved varehuset.  

Nettsida til Spar Kjøp er sjølvsagt også absolutt verdt eit besøk!

Sjølvsagt har Spar Kjøp Digernes også eiga facebookside!

Det er sjølvsagt stor stas for oss at også Spar Kjøp Digernes ynskjer å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar og vi vil igjen gratulere med det supre varehuset på Digerneset. Samstundes nyttar vi også høve til å ynskje Spar Kjøp Digernes velkomen med på laget!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove