Fotograf: Bjørg Jacobsen
Aina les frå den historiske romanen ho har kalla; "Inn i elden" fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Stordal bibliotek hadde laga til flotte utstillingar i grendasalen. På bildet, leiaren for den lokale jubileumskomiteen, Eva Hove fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Biblioteksjef Bjørg Moltu fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Publikum sette pris på dei interessante utstillingane fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Eva Hove takka Aina Basso for flott innsats og overrekte blomster til den dugande forfattaren fotograf Hallgeir Hove

Spennande møte med Aina Basso i Stordalshallen

Torsdag 26. september besøkte Aina Basso Stordal, med foredraget ”Heksar og syndarar – Kvinner i ei mannsverd”. Foredraget var eitt av fleire arrangement i høve Stemmerettsjubileet 2013.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.10.2013

Så vidt vi veit var det ingen som ankom Stordalshallen på kosteskaft, men trass i at arrangementet kolliderte med både A-lag kamp og fleire møte, var det om lag 25 personar som fekk høyre Aina Basso fortelle om hekseprosessar og kvinnekår på 1600 – tallet. Arrangementet var eit samarbeid mellom den lokale komiteen for jubileet for stemmerett for kvinner og Stordal bibliotek. Det er biblioteksjef, Bjørg Moltu, som melder dette. Vidare skriv ho: 

Forfattaren Aina Basso er historikar og har skrive tre historiske romanar. Ho vart nominert til Brageprisen 2012 for ungdomsromanen ”Inn i Elden”, og med denne romanen er ho nominert til Nordisk Råd sin litteraturpris for barne og ungdomslitteratur. Aina Basso er fødd og oppvaksen på Giske, og ein kan undre seg over kva dei har i drikkevasskjelda si der ute i havgapet, for i den seinare tid har øya fostra fram tre forfattarar.

Hekseprosessesar i Finnmark på 1600 talet er bakteppet for romanen ”Inn i elden”, og med forfattaren sin bakgrunn som historikar er boka bygd på eit solid historisk fundament.
Solid historisk fundament var det og på Aina Basso sitt foredrag denne kvelden. Publikum fekk høyre om hekseprosessar både nasjonalt og lokalt. Vi fekk og vite at det ikkje berre var kvinner som vart dømt for trolldom.

Kva har så hekseprosessar med kvinner sin stemmerett å gjere?
Eva Hove, leiar av den lokale jubileumskomiteen (som bestilte dette orginalforedraget), sa noko om dette: Når vi ser oss tilbake, så ser vi ein århundrelang tradisjon med kvinneundertrykking. I kveld har vi høyrt om kvinner som vart dømde til døden anklaga som hekser. Ved forrige arrangement høyrde vi om menn som i fullt alvor hevda at kvinner ikkje var i stand til å delta i politisk aktivitet. Det blei kjempa mange kampar frå 1600-talet og fram til Stortinget, etter mykje motstand vedtok stemmerett for kvinner i 1913. Den franske filosofen Rousseau sa på 1700-talet at "Historiens gang er blitt endra fordi nokon har tenkt". Det er viktig at det er nokon som tenkjer og stiller spørsmål ved tilvande tankar. Det er og viktig at nokon studerer historia og gir oss kunnskap om viktige sider av kvinners liv. Det kan hjelpe oss til å stille relevante spørsmål i vår eiga tid.

Stordal bibliotek hadde ei utstilling om Camilla Collett under arrangementet, og ho er eit godt døme på er ei kvinne i historien som tenkte og stilte spørsmål med tilvande tankar.
Camilla Collett er saman med Marie Qvam, Gina Krog og Fernanda Nissen utpeika som ein av dei ”fire store” i samband med stemmerettsjubileet. Biblioteket hadde og ei utstilling som omhandla hekser og hekseprosessar, samt ei utstilling om stemmerettsjubileet og kvinner i historien. Aina Basso sine bøker var og utstilt i lokalet.

Om du vil kan du gjerne også få med deg vår førehandsreportasje om det heile.

Sjå også flott reportasje på nettsida til Storfjordnytt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove