Spjelkavik Drillklubb la siste samling før EM, til Stordalshallen

Spjelkavik Drilltropp apr 2017 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drilltropp apr 2017 Hallgeir Hove

På tysdag reiser Spjelkavik Drillklubb til EM i Twirling i Porec i Kroatia. Det er altså den suksessrike klubben frå Spjelkavik, som nok ein gong skal representere Norge i eit internasjonalt mesterskap og ikkje nok med det, dei kan vise til både EM-gull og VM-bronse frå tidlegare! Stas då at dei valgte Stordalshallen, når dei siste detaljane skulle drillast inn, før avreise til Kroatia.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.04.2017

Spjelkavik Drilltropp med bronse i VM - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drilltropp med bronse i VM Spjelkavik Drilltropp apr 2017 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drilltropp apr 2017 Hallgeir Hove Spjelkavik Drilltropp apr 2017 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drilltropp apr 2017 Hallgeir Hove Spjelkavik Drilltropp apr 2017 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drilltropp apr 2017 Hallgeir Hove

I løpet av helga, vart det ikkje mindre enn 12 timar med øving og mot slutten av opphaldet i Stordal, var det tid for fotografering i dei nye landslagsdressane. Ja, jubileumsskjorte og buff frå Stordalshallen var også sjølvskriven bekledning.

For meir om dei dyktige utøvarane, viser vi til fleire flotte reportasje på Sunnmørsposten si nettside.

Få med deg intervju med Ida Kleiven Wågsholm, etter EM-gullet

Du kan også fylje Spjelkavik Drillklubb på facebook og dermed også få med deg korleis det går med dei under EM dei komande dagane.

For fleire bilder frå samlinga denne helga, viser vi til eige galleri på vår facebookside

Vi takkar for eit veldig kjekt besøk og gler oss over at landslaget ville legge siste samlinga før EM, nettopp hit til oss.

Vi ynskjer sjølvsagt Spjelkavik Drillklubb - og med det også Norge - lykke til under EM i Kroatia!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove