Spjelkavik Drillklubb med vellukka samling

Spjelkavik Drillklubb okt 2017 - heile den supre gjengen samla! - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb okt 2017 - heile den supre gjengen samla! Hallgeir Hove

Nærare 40 utøvarar, trenarar og støtteapparat frå Spjelkavik Drillklubb, gjennomførte ei flott samling i Stordalshallen forrige helg. Få tidleg på dag, laurdagen og til godt ut på søndagen, fekk dei gjennomført fleire gode økter både inne i idrettshallen og ute på tartandekket på stadion. Men det vart også tid til mykje sosialt innimellom øktene. Klubben kjem att også i mars og truleg også til hausten.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.10.2017

Spjelkavik Drillklubb okt 2017 - liten tvil om at dei kan sine saker - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb okt 2017 - liten tvil om at dei kan sine saker Hallgeir Hove Spjelkavik Drillklubb okt 2017 - tøying/bevegeligheitstrening - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb okt 2017 - tøying/bevegeligheitstrening Hallgeir Hove Spjelkavik Drillklubb okt 2017 - stafett - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb okt 2017 - stafett Hallgeir Hove Spjelkavik Drillklubb okt 2017 - gruppebilde, stadion - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb okt 2017 - gruppebilde, stadion Spjelkavik Drillklubb

Spjelkavik Drillklubb driv veldig godt og kan vise til såvel god breidde som til utøvarar som hevdar seg heilt i toppen. Når ein kan vise til deltaking i VM, seier dette det meste om nettopp det. 

I starten av mars i år, var det også ei gruppe frå Spjelkavik Drillklubb på plass. Då var det siste førebuingane framfor EM i Kroatia, som stod på programmet.

Økta på stadion, vart avslutta med stafett. Men før det hadde alle testa seg sjølv på kor mange rundar dei klarte å springe.  ...og det var ikkje få, for å seie det slik.

På laurdagskvelden kosa deltakarane seg med taco frå Nilsgardstunet og med "Charlie og sjokoladefabrikken" på storskjerm i grendasalen.

Ida Wågsholm er trenar for gjengen og ho kunne fortelje oss at jentene hadde ei super helg og at dei ynskjer å gjenta suksessen til neste haust og. 

Vi har laga til eit lite bildegalleri frå samlinga. Dette finn ein på Stordalshallen si facebookside.

Facebookside har sjølvsagt også Spjelkavik Drillklubb og både der og på Instagram, kan du få med deg ein heil del av alt det denne aktive klubben held på med.

Då takkar vi for særs triveleg besøk og ynskjer jentene velkomne tilbake, både i mars og til hausten!

Ja, sjølvsagt ynskjer vi dei lykke til i dei komande konkurransane framover og!  ..anten dette er her lokalt, eller i EM og VM.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove