Spjelkavik Drillklubb trivst i Stordalshallen

Spjelkavik Drillklubb januar 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb januar 2018 Hallgeir Hove

Det er ikkje så reint lite stas å konstatere at også Spjelkavik Drillklubb har funne ut at Stordalshallen er rette staden, når dei skal legge opp til treningssamlingar. I fjor gjennomførte dei to samlingar her og denne helga var dei på plass igjen. For oss er det sjølvsagt veldig kjekt å ha slike kjekke og dyktige idrettsutøvarar på plass. Denne gjengen kan skilte med deltaking både i EM og VM dei, så nivået er det ingen ting å seie på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.01.2018

Spjelkavik Drillklubb januar 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb januar 2018 Hallgeir Hove Spjelkavik Drillklubb januar 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb januar 2018 Hallgeir Hove Spjelkavik Drillklubb januar 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb januar 2018 Hallgeir Hove Spjelkavik Drillklubb januar 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik Drillklubb januar 2018 Hallgeir Hove

 

Denne gongen var det kun søndagen dei var på plass, men berre avbrutt av ein liten lunsjpause, held dei omlag 30 utøvarane på frå kl 11.00 og heilt fram til kl 17.00. Det ligg mykje terping, god disiplin og hard trening bak, for å bli så gode som denne gjengen er blitt og då er det ikkje anna å gjere enn å ta tida til hjelp.

Om du vil kan du sjå fleire bilder frå samlinga denne helga, på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også reportasjane frå då Spjelkavik Drillklubb besøkte oss i fjor

Vi takkar Spjelkavik Drillklubb nok ein gong for kjekt besøk og ynskjer dei velkomne tilbake!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove