Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - marsjtrening inne
Hallgeir Hove
Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - besøk ved Joker Stordal
Hallgeir Hove
Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - besøk ved COOP Marked
Fridgeir Walderhaug
Spjelkavik Skolekorps 5.-7. april 2019 - dyktige foreldre og leiarar i sving på kjøkkenet
Hallgeir Hove
Det var altså marsjering korpset hadde som hovudfokus denne helga og dei dyktige ungdomane marsjerte både på stadionområdet, inne i Stordalshallen og rundt om i sentrum av Stordal. Ekstra stas var det at dei besøkte både Joker Stordal og COOP Marked Stordal og spelte utanfor butikklokala. Butikkane svara med å dele ut gratis is til dei dyktige musikantane.
Stordalshallen var base for opphaldet og i tillegg til marsjeringa og øving elles, kunne dei bruke det meste av utstyret der. Teamtrack´n vart rigga opp og slakklina plassert ut. Dei spela badminton, minigolf, bordtennis og held på med mykje anna kjekt i tillegg.
Dyktige foreldre og leiarar sytte for at deltakarane gjekk frå det eine velsmakande måltidet, til det andre og på laurdagskvelden var det sjølvsagt taco. Prosjektor og storskjerm i grendasalen gjorde det mulig å sjå film der og den som ynskte å få med seg det som skjedde på TV, kunne sette seg i foajeen.
Spjelkavik Skolekorps tel mange, men denne helga var det ein del som var forhindra i å vere med. Men likevel var det over 20 born og unge med, totalt og etter tilbakemeldingane å dømme, hadde dei hatt det rett så kjekt saman denne helga. No kan folk i Ålesund berre gle seg til den 17. mai og til at Spjelkavik Skolekorps kjem marsjerande!
For fleire bilder frå øvingshelga, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside
Vi ynskjer lykke til med alle oppdrag framover og ynskjer den supre gjengen velkomen tilbake!
No er det, som nemnt, ikkje første gongen dette flotte korpset har besøkt oss. Her er nokre tidlegare reportasjar, for den som vil ta eit tilbakeblikk:
Stor øvingshelg for Spjelkavik Skolekorps (2010)
Spjelkavik Skolekorps på nytt besøk (2011)
..og om noko skulle vere i det minste tvil, så er det så å seie alt av skulekorps på Sunnmøre, som finn vegen hit til oss.