«Sponsorløp» for TV- aksjonen»

TV-aksjonen 2016 - Klikk for stort bildeTV-aksjonen 2016 Kommunekomiteen for TV-aksjonen i Stordal arrangerer Sponsorløp til inntekt for TV-aksjonen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.10.2016

Det er Røde Kors som har fått tildelt TV-aksjonen 2016. Røde Kors har kalla aksjonen «Saman får vi hjelpa heilt fram». Dei innsamla midlane skal gå til livsviktig hjelp til dei som er offer for krig og konflikt. Behovet er stort og dess meir pengar som kjem inn, dess betre. Vi ynskjer derfor å invitere til eit «sponsorløp» måndag den 17. oktober mellom klokka 1530 – 1630.

«Vi finn oss ein kollega som vi gjer ein avtale med. Avtalen er slik at vi  forpliktar oss gjensidig  til å betale ein viss sum for kvar runde kollegaen spring rundt løpebana», opplyser ordførar Eva Hove,       « Så her må vi både vurdere kollegaen sin kondis og eigen betalingsevne. Det kan bli moro! Vi oppnår tre ting på ein gong: Vi gjer noko som er sunt for eigen kropp, vi gjer noko sosialt i lag – og sist men ikkje minst: vi bidrar positivt til TV-aksjonen».

Mange kommunalt tilsette har meldt seg på sponsorløpet allereie, men her er plass for mange fleire - og ein treng sjølvsagt ikkje arbeide i kommunen for å delta. Dess fleire, jo betre! Finn deg ein kollega, ta på deg joggesko, finn fram nokre kroner og møt opp til sporty sponsorløp på idrettsbana måndag. Om du går eller joggar, er også  heilt opp til deg sjølv! Blir veret for dårleg, brukar vi Stordalshallen (då byter vi evt ut piggskoa med innesko..)

Vi veit at dess meir pengar som kjem inn til aksjonen, dess meir kan organisasjonen få utrette. Og at det er mange som har behov for den hjelp Røde Kors kan gi, det får vi stadfesta i nyheitsbilda kvar einaste dag.

 

Du kan lese meir om TV-aksjonen 2016 på her

Sjå eigen plakat for meir (PDF, 60 kB) 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove