Stadig fleire melder seg!

Når vi skriv fredag 13. desember, kan vi presentere ei oversikt som syner at dugnadslista i høve til tilbygget ved Stordalshallen no tel heile 105 personar! No er taket ferdig tekka og isolasjon og radonsperre er kome på plass, slik at golvet kan støypast neste veke. Så snart støypen er tørr, er det klart for dugnadsfase to.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.12.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Isolasjon og radonsperre kjem på plass og dermed klart for støyping av golv i veke 51 fotograf Hallgeir Hove

Det er naturlegvis særs gledeleg med den store interessa for å stille opp. Nedst på sida presenterer vi den oppdaterte oversikta over dugnadsgjengen, som pr 13. desember altså tel heile 105 personar.

I tillegg til dette kan vi glede oss over at det er heile 257 personar som fyl med på arbeidet knytt til utvidinga, på facebooksida vår!

Heile 51 personar har så langt også registert seg på den oppretta hendinga; Klart eg vil stille opp på dugnad for å få tilbygget ved Stordalshallen på plass!

Dette er strålande!

Leiaren i Stordal IL, Vigdis Hove, kan vidare meddele oss at gåveaksjonen til laget også verkeleg har fått stor respons. Den siste oversikta frå Stordal IL, synte at ein var i ferd med å passere kr 400.000 i form av gåver!

Også dette er makelaust og her vil ny oversikt vere klar den 31. desember.


Med det aller første vil teknisk komite for framdrifta i dugnadsarbeidet, saman med prosjektleiar TSSN (Einar Lied), kalle inn dei 14 dugnadsleiarane til møte og så vil dugnadsfase to starte opp umiddelbart etter dette. (Når ein opererer med benemninga dugnadsfase to, skuldast dette at det no har vore mykje arbeid utført av entreprenørar, etter at stordugnaden knytt til grunnarbeidet var unnagjort)

Sjå også våre tildegare reportasjar for alle detaljar kring arbeidet med å få tilbygget ved Stordalshallen på plass. 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove