Stadig fleire melder seg!

Dugnadsarbeidet ved tilbygget vårt går på skinner, med heile seks dugnadslag i sving. Den siste tida har endå fleire meldt seg til teneste og lat det ikkje vere noko som helst tvil om at alle får bidra med det ein har mest lyst til. At t.d. damene eignar seg godt til snekkararbeid og at mennene meir og meir har teke over kjøkkenarbeidet rundt om, er ei kjent sak. Eller er det slik at det er damene som gjer begge deler? :)

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.02.2014
We can do it!
Klart damene kan!

Det er fleire som, forståeleg nok, har peika på at det lett blir slik at karane vert sett opp til dugnadsoppdrag med hammar og sag, medan damene vert spurt om å lage til mat og kaffe. Når vi veit at det er mange av damene som har meldt seg, som først og fremst ynskjer å bidra nettopp med å lage til dugnadsmaten, går oppmodinga no ut til alle dykk damene som kan tenkje seg å bidra også inn mot sjølve bygningsarbeidet. På tilsvarande vis er det også supert om det er karar som kan tenkje seg å vere med og ordne med mat til dugnadsøktene famover.

Det er særs gledeleg å registrere den store framdrifta, der dugnadsleiarane gjer ein framifrå jobb i høve til organiseringa. I dag har dugnadslag nr 1 gjort seg ferdig med si fjerde økt av totalt seks i denne fasen. Når det så er heile seks slike dugnadslag i sving, kan ein kjapt rekne seg fram til at det samla sett vert heile 36 økter dette. Når vi no også veit at det er mange som har meldt seg til teneste, også utover dei som opprinneleg stod oppført på dei seks dugnadslaga, tyder alt på at denne framdrifta berre vil verte endå betre.

For meir om arbeidet med å få tilbygget på plass (m.a. korleis dugnadsfase 2 er organisert) viser vi til tidlegare reportasjar.

Dette er eineståande folkens!! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove