Fotograf: Hallgeir Hove
At ein er mange, er inga hindring. Her er 120 elevar frå Sula på plass, hausten 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
ATEA er ei av mange verksemder som har vitja oss. Denne supre gjengen var her i mars i år fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ålesund videregående skole kombinerer opphaldet hjå oss, med å nytte dei flotte skimuligheitene i Langsæterområdet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stian Barsnes Simonsen og Mari Grydeland er to, av veldig mange, reporterar som har laga innslag frå Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørnar Midtbust
På dette bildet er ogs tilbygget vårt kome på plass. No er det sjølvsagt også asfaltert og tilsådd, slik at det dette tek seg veldig flott ut. Bildet er frå Stordalscup 2014 og berre i løpet ei slik helg, reknar vi med at nærare 7 000 personar er innom! fotograf Bjørnar Midtbust

Stadig like populært å besøkje Stordalshallen!

Ein ny haust er i full gong og det betyr at henvendelsane strøymer på frå skulekorps, idrettslag, skuleklasser og andre. Felles for dei alle er at dei vil til Stordalshallen, anten fordi dei har vore med på øvingshelgar/treningshelgar her tidlegare, eller fordi dei har fått med seg kor kjekt og flott ein kan ha det her hjå oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.08.2015

Når så mange har fått augene opp for det Stordalshallen har å by på, skuldast nok det fleire forhold. Ein ting er at vi stadig vert omtale i media og då ikkje berre når NRK eller andre fjernsynsprodusentar lagar reportasjar herifrå, men også dei mange reportasjane lokal-media lagar. Ein annan ting er sjølvsagt også det at vi sjølve lagar reportasjar og tek mange bilder, som vert lagt ut på Stordalshallen si eiga heimeside og i neste omgong vert å finne att på mange andre nettsider. Dei siste åra har også sosiale media bidratt sterkt til at endå fleire får med seg alt det fantastiske som skjer. Sjølvsagt har også Stordalshallen eiga facebook-side! Sist, men ikkje minst, er nok også effekten av den sokalla "jungeltelegrafen" viktig. Når vi vert kontakta, vert ofte samtalen innleia på fyljande måte: "Vi har høyrt at det skal vere så flott å besøkje Stordalshallen..."  Klart dette er stas!

Når vi no nærmar oss slutten av august, kan vi meddele at dei fleste helgane framover er i ferd med å bli "booka". Frå før av har vi også hatt besøk av dei fleste skulekorpsa på Sunnmøre og denne hausten har vi gleda av å kunne ta imot skulekorpset frå Ulsteinvik i tillegg. I tillegg vil også Hatlehol Skulekorps og Åse Skulekorps hit til oss att, også denne hausten. ..og Vestnes Skulekorps har alt vore her, i lag med Stordal Skulekorps.

I 2014 stod flott tilbygg til 6.5 millionar ferdig, noko som har gitt oss ytterlegare to nye flotte garderobar, heile seks nye toalett og ikkje minst også meir lagringsplass. Slik tradisjonen er i Stordal, kom også dette på plass mykje takka vere ein flott dugnadsinnsats. 93 personar var med og til saman la dei ned over 2 000 timar. Då Stordalshallen vart reist for snart 20 år sidan, vart det lagt ned over 30 000 dugnadstimar! Ikkje verst det i ei kommune med om lag 1 000 innbyggjarar. 

Vi nemner også med glede at Stordalshallen denne hausten framstår med ny-lakka golv både i grendasalen og i idrettshallen. Vi legg ikkje skjul på at vi set pris på at både våre gjestar og våre faste brukargrupper tek omsyn til nettopp det.

Det gode samarbeidet vi har med klatreklubben, skyttarlaget og trampolinegruppa, gjer at vi kan tilby instruksjonopplegg, både i den flotte klatreveggen vår, på den innandørs skytebana vår og på den store konkurransetrampolina. Om ein ikkje ynskjer dette med i pakken, kan ein uansett finne mykje anna kjekt utstyr å nytte i samband med besøket. Her nemner vi m.a. den 15 meter lange team-tracken, minigolfen, skuddlaseren og sjølvsagt mykje, mykje meir. Om du besøkjer arkivet vårt, vil du finne mykje meir om dette.

Ved Stordal skule, som ligg vegg i vegg, er det også symjebasseng ein kan leige og utanfor Stordalshallen ligge eit suverent stadionanlegg, som også kan nyttast sjølvsagt.

I 2008 laga vi ein reportasje der vi presenterte ein del av alt det ein kan oppleve i Stordalshallen og i ormådet rundt. Ta gjerne ein kikk også på den. Det vi kan konstatere no, fleire år seinare, er at Stordalshallen framleis er like populær. Dei siste åra har Stordalshallen også vore førstevalet, når kretslaga i alpint og langrenn skal ha sine større samlingar. T.d. skal Stordalssamlinga i langrenn arrangerast for 8. året på rad denne hausten! Då samlast opp mot hundre langrennsløparar frå heile fylket vårt til ei innhaldsrik helg både treningsmessig og sosialt, med base i Stordalshallen. Tidlegare har vi også hatt gleda av at kretsen sine alpinistar også har hatt liknande opplegg her. Sjå gjerne reportasjar frå desse og og legg merke til alt ein kan halde på med her hjå oss!

At det ikkje er noko hindring at det er mange i gruppe, kan besøket frå Sula Ungdomsskule sist haust vere eit godt døme på. Då hadde vi nemleg besøk av alle 7. klassingane der ute og det var ikkje mindre enn 120 elevar det. Men at dei kosa seg her hjå oss, og vi med dei, er det ingen tvil om.

Ein garantert suksess er elles å kunne kombinere eit opphald ved Stordalshallen, med å nyttegjere seg av dei flotte tilboda Stordal kan by på også vinterstid. Ikkje minst er det populært å legge opp til full pakke med aktivitetar i Stordalshallen på kveldstid, kombinert med å vere på ski på dagtid. Då kan ein sjølvsagt velje om ein vil i alpinanlegget, eller berre gå flotte turar innover fjellet. Arena Overøye har satsa stort dei siste åra og no kjem også avansert og omfattande snøproduksjonsanlegg på plass! Stordal Fjellservice er ei undergruppe i Stordal IL, som dei siste åra har lagt ned ein enorm innsats for å legge best mulig til rette for langrenn innover fjellet. Ei avansert trakkemaskin bidreg til dei beste skispora du kan tenkje deg og flottare enn innover fjellet frå Langsætrane, blir det ikkje! På skisporet.no kan du halde deg oppdatert på løypenettet og når maskina har vore i sving.

Stordalshallen - for eit kvart høve!
Vi har nok dekning for å hevde dette, då det sjølvsagt er mykje anna som skjer i Stordalshallen. Alt frå internasjonale MC-treff med deltakarar heilt frå Spania, til konfirmasjonar, bryllaup og folkemøter. Stordalshallen høver altså til det meste!

Stor arrangementshyppigheit!
Noko anna som kjenneteiknar Stordalshallen, er dei mange flotte arrangementa der. Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps sine mange flotte konsertar, er gode døme på dette. I tillegg sjølvsagt konsertar av typen StordalsTRØKK og ikkje minst dei mange KM-arrangmenta som har vore her hjå oss. Årsfestane for Stordalshallen er elles eit høgdepunkt for dei fleste. Då reiser folk gjerne Norge både på langs og på tverss for å få med seg dei. Det arrangementet som kanskje trekkjer aller mest folk i løpet av året, er naturlegvis Stordalscup. Dette er ein folkefest som samlar tusenvis, kvart år!

Slik kunne vi helde fram med å trekkje fram endå fleire flotte arrangement, kjekke besøk og elles anna.

Om du har lyst til å legge opp til eit besøk, gjer vi sjølvsagt alt vi kan for at dette skal bli ein suksess. Det er sjølvsagt også kjekt å kunne melde at interessa er så stor og dermed er det lurt å ta kontakt med oss tidleg om dette er interessant. Vi har faktisk bestillingar som strekkjer seg heilt fram til 2025!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove