Fotograf: Hallgeir Hove
Nokon hadde større vinnarlukke enn andre og fekk utfordringar med å få med seg alle kakene heim fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag er eit fast innslag på helselagsbasarane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stor stas å vere med på helselagsbasar, uansett alder fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange flotte gevinstar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Salet på bøkene gjekk også unna fotograf Hallgeir Hove

Stadig like populært med helselagsbasar

Sjølv det fine sommarveret sist fredag, hindra ikkje at det var god oppslutning også kring årets helselagsbasar. Etter det vi kjenner til vart det også denne gongen eit særs bra resultat.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.04.2014

Helselagsbasarane i Stordal, samlar kvart gong særs mykje folk og det er stor stas for store og små å ta del på desse. Då årets basar gjekk av stabelen sist fredag var det reine sommartemperaturane ute og nydeleg solskin. Likevel var det mykje folk på plass og det vart handla årar og kjøpt lodd på bøkene i stort mon.

At vinnarlukka var stor for mange, var det heller ikkje tvil om. Det var fleire som rett og slett hadde vanskar med å få med seg alt, når dei skulle heim. Men uansett, vinnarlukke eller ei, så kjem altså inntektene helselaget får inn på desse basarane til stor nytte for oss alle då laget bidreg til å stø opp om ei rad tiltak som alle er med på å betre folkehelsa. Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar for meir om dette. (lenker nedanfor)

Sjølv om det endelege resultatet frå årets basar enno ikkje er kjent, veit vi at det også denne gongen var eit bruttoresultat på over kr 70.000,-, noko som sjølvsagt er imponerande bra!

Tradisjonen tru stilte også Stordal Hornmusikklag opp og spela, og det under leiing av Nick Ost. Alltid like populært dette og dermed fekk vi også ein forsmak på det dei dyktige musikantane skulle by oss på, under konserten sin to dagar seinare.

Du finn mykje meir, både om den flott jubileumsfesten til helselaget, dei mange flotte basarane og meir om alt det helselaget står for, i våre tidlegare reportasjar. 

For fleire bilder frå helselagsbasaren sist fredag, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove