Fotograf: Hallgeir Hove
Åse Skolekorps med nærare 100 deltakarar, september 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Trine Hovde
Det eine av dei to laga til Aksla/Rollon G 14, som også vitja oss sist september fotograf Trine Hovde
Fotograf: Hallgeir Hove
Hessa Skolekorps, eitt av dei seks skulekorpsa vi hadde besøk av i løpet av hausten fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Herd sine gutar i 10 års klassa hadde også samling i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Dan-Ketil Jacobsen
Desse handballjentene frå Langevåg IL, tek vi med som siste døme på grupper som vitja oss. Det var mange, mange fleire! fotograf Dan-Ketil Jacobsen

Stadig like stor interesse!

Stordalshallen opplever ei enorm interesse utanfrå. Lag, organisasjonar o.l. frå heile regionen vel nettopp oss, når treningssamlingar, øvingshelgar og sosiale turar skal gjennomførast. Sist haust var besøkstalla høgare enn nokon gong og slik ser det også ut til å bli også denne gongen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.08.2013

Det er stas å registrere at det er så mange som vil nettopp hit til oss og det at dei kjem attende år etter år, tek vi som eit teikn på at dei likar seg godt. Det at Stordalshallen har så mykje utstyr å by på, at vi har skytebane, klatrevegg, konkurransetrampoline og mykje anna, har nok ein heil del å seie. At vi i tillegg har eit godt utstyrt kjøkken og ein grendasal som m.a. kan nyttast til bespisning, til å få sett film på storskjerm og anna, er også noko gjestane våre set pris på. Fleire av dei som er på besøk, nyttar seg også av Kirkebø stadion, som ligg rett utanfor. Der er det fleire kunstgrasbaner og løpebane med tartandekke. Det er no også klart at symjebassenget ved Stordal skule er klart til å takast i bruk att med det aller første. Også dette ligg vegg i vegg med Stordalshallen. 

I tillegg til dei mange besøka/samlingane, vert det naturlegvis også plass til ei rad flotte arrangement i regi av lokale krefter.

Om de vil, kan de ta eit lite dykk ned i nyhendearkivet vårt og sjå attende på den eine flotte samlinga, etter den andre. Der finn ein også reportasjar frå mange av dei supre arrangementa.

Vi gløymer heller ikkje dei mange faste øvingane frå veke til veke, både i idrettshallen, i grendasalen og på skytebana. Fordelinga av tidene her, vert offentleggjort med det aller første.

Vi konstaterer altså at aktiviteten i Stordalshallen vert enorm også i det komande halvåret!

Velkomen skal de vere, alle saman!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove