Stadig nye med på vinnarlaget!

Jungeldyr.no - Klikk for stort bildeJungeldyr.no

Etter ein kort sommarpause, er det no klart for å presentere nok ein flott samarbeidspartnar med på laget vårt. Denne gongen er det Jungeldyr.no, som er komen på plass, og for alle dei som fekk med seg årets utgåve av Stordalscup så veit dei nok kva Jungeldyr.no har å tilby. Dei flotte jungeldyra var nemleg ein skikkeleg suksess under cuphelga og vi registerer også at dei elles dukkar opp i den eine samanhengen, etter den andre.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.03.2018

Jungeldyra på plass under Stordalscup 2017 - Klikk for stort bildeJungeldyra på plass under Stordalscup 2017 Hallgeir Hove Jungeldyr.no har mange jungeldyr å velge mellom. Finn ditt favorittdyr og bestill! - Klikk for stort bildeJungeldyr.no har mange jungeldyr å velge mellom. Finn ditt favorittdyr og bestill! Jungeldyr.no på plass ved Moa Amfi - Klikk for stort bildeJungeldyr.no på plass ved Moa Amfi Jungeldyr.no på plass under Båtfestivalen i Ålesund - Klikk for stort bildeJungeldyr.no på plass under Båtfestivalen i Ålesund

Jungeldyr.no er lokalisert i Ålesund og dei har, ikkje mindre enn 16 ulike jungeldyr du kan ha glede av å få på besøk. På den flotte nettsida til Jungeldyr.no, kan du sjå dei, alle saman. Totalt har Jungeldyr.no over 70 dyr tilgjengeleg og dermed ingen problem at dei kan vere på mange ulike arrangement samtidig. 

Jungeldyr.no leiger altså ut leikedyr som kan køyrast av barn i alle aldrar. Dyra har elektrisk framdrift og går i gangfart. Dei er polstra i mjukt plysjmateriale og er lett å manøvrere for barna.

Dyra fins i ulike variantar, så her er det berre å gå inn på nettsida og finne fram ditt/dine favorittdyr

Kanskje du ynskjer ein annaleis og morsom aktivitet til arrangement ditt? Då er det berre å ta kontakt med Alf Øyvind på tlf 91 61 89 53, evt sende ein e-post til: post@jungeldyr.no

For endå meir om Jungeldyr.no, viser vi til sida deira på facebook. Der vil ein også sjå bilder frå mange av arrangementa som har fått jungeldyr på besøk.

Ein eigen filmsnutt, illustrerer også fint kor kjekt det er å vere med på dette.

Vi nyttar høve til å ynskje Jungeldyr.no velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove