Stor aktivitet påverkar dei faste treningane

Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen har vore klar ei tid no og stadig fleire kjem i gong med innandørstreningar og øvingar. Det er då viktig å kjenne til at den store aktiviteten elles, i form av m.a. flotte arrangement og besøk utanfrå, gjer at enkelte treningar/øvingar vert råka.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.10.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordalstrøkk skal arrangerast laurdag 27. oktober og difor må det riggast kvelden før fotograf Hallgeir Hove

Vi lagar oversikt over treningar/øvingar som vert råka på dennen måten. Den presenterer vi saman med oversikta over trenings- og øvingstidene. Med jamne mellomrom legg vi ut ny oversikt vedr dette og til no har oversikt over oktober lagt ute. I dag kan vi også presentere ei oversikt som omhandlar november månad. Du finn både treningstidene og oversikta over treningar/øvingar som vert råka her.

Første arrangement som vil påverke treningstidene, er StordalsTRØKK komande helg. Det må då riggast på fredagskvelden og dermed vert 2/3 av idrettshallen oppteken frå kl 19.00.

Den oppdaterte oversikta for november syner elles det som skal skje framover.

Det er naturleg nok aldri kjekt at treningar/øvingar evt anna vert råka av at Stordalshallen vert nytta til arrangement el.l., men når det er sagt får vi glede oss stort over dei mange flotte arrangementa som skjer der kvart år. Dei mange gruppene som besøkjer oss utanfrå er sjølvsagt også noko vi set stor pris på. (Denne hausten har vore heilt eineståande i så måte og det meste av desse besøka har vi hatt, før innandørsaktivitetane har starta opp for alvor)

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove