Stor gruppe med musikantar frå Hatlehol Skolekorps på besøk!

Sist helg var det Hatlehol Skolekorps sin tur til å besøkje Stordalshallen. I løpet av dei tre dagane vart det sjølvsagt mange økter med øving på dei nærare 30 deltakarane, men i tillegg rakk dei også å vere med på mykje anna kjekt og etter det vi har forstått vart det heile også rett så sosialt.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.10.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Den suverene gjengen samla på team-track´n, laurdagen fotograf Hallgeir Hove

Ei slik helg, der deltakarane er samla frå fredag kveld til søndag ettermiddag, vert det sjølvsagt mykje tid som går med til øving. Når vi fekk høyre korpset i aksjon i grendasalen, kunne vi konstatere at denne gjengen hadde øvd mykje saman også tidlegare dei. Verkeleg flott let det! Inne i idrettshallen hadde drilljentene i korpset god plass til å køyre sine mange økter og rett så flinke var dei og!

I tillegg til dei mange øktene med øving, vart det også tid til ein heil del anna kjekt og det vart m.a. mykje leik og moro inne i idrettshallen. Storskjermen og lydanlegget i grendasalen vart også flittig nytta av dei datakyndige ungdomane i korpset.

På laurdagskvelden frå kl 17.00 til kl 19.00, var det aktivitetsopplegg som stod på programmet. Både korpsmusikantane og mange foreldre var med på opplegget som innheldt instruksjon i både klatring og skyting. I tillegg var team-track´n montert opp, det var ulike typar ballspel og innlagt gruppekonkurranse i minigolf, presisjonskast og quiz. Resultata frå skytinga inngjekk også i konkurransen, mellom dei totalt 8 gruppene. Det var mange instruktørar i sving, for å få dette supre opplegget i hamn. I klatreveggen stilte både Eli Søvik, Helga Øvrebust og Lottie Eisma opp. Dette er røyndre klatreinstruktørar frå klatreklubben. På skytebana var det Jostein Myrvang frå Liabygda Skyttarlag som var bas. I tillegg hadde han med seg Nils Jørgen Ringset og aspirant Jørgen Myrvang.

Ein av leiarane med på øvingshelga, Lars Grøtteland, kunne i etterkant konstatere at gjengen hadde kosa seg skikkeleg under opphaldet i Stordal. Dei sette m.a. også stor pris på både måten dei vart tekne mot og oppfyljinga elles, der også vaktmeister Einar K Hove var innom og såg til at alle hadde det bra, både titt og ofte.

Pga ei sikring som hadde slått seg vrang, vart temperaturen både i idrettshallen og i foajeen, dessverre for låg natta til laurdagen. Men når feilen vart avdekka og SD-anlegget igjen fungerte som normalt, vart temperaturen heldigvis slik den skal vere resten av øvingshelga.  

Trass i dette uhellet vel vi å tru at også Hatlehol Skolekorps ynskjer å legge komande øvingshelgar hit til oss og for vår del skundar vi oss å legge til at dei var ein super gjeng å ha på besøk!

Vi håper å kunne kome attende med fleire bilder, også frå denne flotte øvingshelga, med det aller første.

TAKK FOR TRIVELEG BESØK! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove