Stor interesse for førjulskonserten med Jenny og Knut Marius!

I dag er det kun ei veke att til Jenny Langlo og Knut Marius Djupvik står på scena i Stordalshallen. Ikkje uventa er interessa særs stor og konserten har også fått veldig god mediedekning. Mange har alt sikra seg billett, noko som sjølvsagt er lurt då ein for det første er sikra å få plass og i tillegg kan ein då gå rett inn og få seg "orkesterplass", i staden for å måtte stå i billettkø. No legg vi også ut eit avgrensa antall billettar ved sørviskontoret, for dei som ynskjer sikre seg på den måten.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.12.2015
Jenny og Knut Marius - Du store mi tid!
Du store mi tid for ei interesse!

No er det kanskje dei som hugsar attende til premieren på ungdomsmusikalen We Will Rock You og at det då var over 800 på plass i Stordalshallen. Det er lett då å tenkje at det uansett ikkje blir noko problem å få seg billett til denne konserten. Men då skal ein vere klar over at det denne gongen vert lagt opp slik at det er opprigginga til skulen si juleavslutning som vert nytta. Det betyr at det vert sett ut omlag 450 stolar. Dermed er det altså all grunn til å rekne med at det meste av stolar vert fyllt opp. Om det då er mange som satsar på å kjøpe seg billett i døra, vil ein i verste fall kunne risikere å ikkje få seg billett. Dette slepp du å frykte om du har ordna deg billett på førehand og ikkje minst slepp du å måtte stå i billettkøa når du kjem til Stordalshallen, medan dei andre går rett inn og finn seg orkesterplass.

Nokre få billettar også lagt ut på sørviskontoret
Mange har sikra seg billettar via eiga nettside for dette (sjå nedanfor). Men for dei som ikkje synest det er måten å gjere det på - og også elles alle andre sjølvsagt - har vi også fått tilsendt eit begrensa antall billettar som vi kan selje frå sørviskontoret (i Stordal sentrum). Sørviskontoret har ikkje betalingsterminal, sjølvsagt.  

Stor medieinteresse for konserten til Jenny og Knut Marius
Mykje har naturlegvis handla om Jenny og Knut Marius så langt, men vi vil også minne om at det er litt av nokre musikarar dei har med seg!

Med seg på turnéen, har dei nemleg desse særdeles dyktige musikarane:

André Gussiås - Piano
Hallgeir Solli - Gitar
Arne Petter Ugelvik - Bass
Stian Romuld - Trommer/Perkusjon
  

Det er elles verdt å merke seg at det totalt sett er kun fire konsertar som inngår i turnèen deira og altså kun ein av desse, her på Sunnmøre! 

Her presenterer vi nokre av dei mange flotte førehandsreportasjane så langt:

Førehandsreportasje i Romsdals Budstikke, publisert den 28. november  

Førehandsreportasje i Sunnmørsposten, publisert den 2. desember

Førehandsreportasje i Sunnmøringen, publisert den 8. desember

Vår eigen førehandsreportasje, publisert den 20. november

Vår reportasje som syner korleis du skaffar deg billett 

Vi er også glad for at arrangørane har opna opp for at ein kan få kjøpe eigne familiebillettar og dermed er billettkategoriane slik:

Familiebillett kr 790,-. Gruppebillett for inntil 5 familiemedlemmer (maks 2 voksne, over 18 år) NB! alle i familien - som inngår - må kome samtidig på konserten!

Barnebillett kr 200,-. Barn/ungdom under 18 år.

Vaksenbillett kr 300,-

Om du ikkje har fått sikra deg billettar enno, er det altså absolutt ikkje lurt å vente særleg mykje lengre med å gjere dette.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove