Stor interesse kring nyttårskonserten!

Mange har alt sikra seg billettar til det som må kunne omtlast som tidenes nyttårskonsert. I tillegg syner interessa både på facebook og elles, at dette er ein konsert særs mange skal ha med seg. Det er ikkje kvardagskost å få Ytre Suløen på besøk. I over 40 år har dei turnert verda over og no kjem dei altså hit til oss på søndag og då også med Tricia Boutté som solist. Ikkje minst gler vi oss til å få oppleve det suverene Sunnivakoret, under leiing av Per Oddvar (Prots) Hildre. Når det no er klart at også Stordal Barnekor vil delta, i lag med desse, ja då kan det vel knapt verte betre?

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.01.2014
Fotograf: Sunnivakoret
Dette blir stort! fotograf Sunnivakoret

I våre tidlegare førehandsreportasje kan du få med deg mykje meir om dei celebre gjestane vi er så heldige å få besøk av på søndag. Når Sunnivakoret, som altså samarbeider nært med Ytre Suløen, har valgt nettopp Stordal som ein av to stadar der dei ynskjer framføre sin nyttårskonsert dette året, er det naturlegvis stor stas. Vi snakkar m.a. om musikarar som har turnert verda over i 40 år her! Sjå gjerne vår tidlegare førehandsreportasje for meir! 

Stordal Barnekor også med!

Stordal Barnekor, inkl. kora Aletheia og Charis, har fått mykje velfortent medieomtale den siste tida. Ikkje minst skuldast dette den flotte CD´n dei har gjeve ut. Om denne nyttårskonserten låg an til å verte ei stor oppleving frå før, vert det nok ikkje mindre stort når vi no også får oppleve desse flinke songarane i lag med Sunnivkoret og Ytre Suløen på scena! 

Stor interesse

Det er tydeleg å registrere at interessa kring konserten er særs stor og den strekkjer seg langt ut over kommunegrensene. Dette er naturlegvis særs gledeleg, ikkje minst med tanke på at dette ber bud om at både Ytre Suløen, Sunnivakoret og liknande storheiter i ettertid kan vere trygg på at det verkeleg har noko føre seg å sette opp slike konsertar her hjå oss. 

I tillegg til dei mange førehandsbillettane som er solgte, registrerer vi at det er mange som har meldt sin ankomst via vår oppretta hending på facebook. (når det i skrivande stund framleis er 5 dagar att til konsert, har vi passert 70 som har meldt sin ankomst berre på dette viset)  

Førehandssal av billettar

Sjølv om mange alt har sikra seg billettar, er det i skrivande stund framleis råd å få tak i dette ved sørviskontoret (kommunehuset) I tillegg til at du då er sikra plass, unngår du sjølvsagt også å måtte stille deg i billettkøa ved oppmøte. Smart, ikkje sant?
 

Eigen konsertkafe

I samband med konserten vert det også kafe i grendasalen (sjå eigen plakat nedst på sida). Sjølve konserten går rett nok i eitt, utan pause undervegs. Men vi vel å tru at det er mange som kan tenkje seg å møte opp i god tid før sjølve konserten startar kl 16.30. 7. klasse ved Stordal skule har difor teke på seg å ordne med både kaker og anna godt. Frå kl 15.30 kan du dermed nyte ein god kopp kaffe og eit kakestykke eller tre, før konserten startar. Kanskje ikkje så dumt å vere tidleg ute, også med tanke på at ein då også vil kunne sikre seg best mulig plass inne i hallen. Det er nemleg ingen ting i vegen for at ein først finn seg sin plass, for så å gå inn i grendasalen og nyte ein god kopp kaffe medan ein ventar på at konserten skal starte.

Velkomen til ei stor musikalsk oppleving i Stordalshallen på søndag! Dørene opnar altså kl 15.30!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove