Stor medieinteresse i høve 20 årsjubileet!

Stordalshallen 20 år - dagleg leiar  - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - dagleg leiar Ståle Wattø, Sunnmørsposten

Det er særs gledeleg å registrere den store merksemda Stordalshallen sitt 20 årsjubileum har fått. Både markeringa vår på sjølve dagen den 25. januar, markeringa i forkant av Årsfesten den 25. februar - og i tillegg også hendingar elles - har fått særs god dekning i media. Dette er særs gledeleg av fleire grunnar. Ikkje minst er det stas fordi dei mange som står på for Stordalshallen verkeleg fortjener å bli trekt fram. Flott er det sjølvsagt også å få synleggjort ytterlegare at Stordalshallen er blitt ein regional arena, der ein m.a. vekslar mellom å ta imot besøkjande grupper og å vere staden der dei mange dugande laga og organisasjonane gjennomfører sine flotte arrangement.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.03.2017

Stordalshallen 20 år - Olav Bratland, 25. februar 2017 - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - Olav Bratland, 25. februar 2017 Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - Terje Engås og Ståle Wattø - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - Terje Engås og Ståle Wattø Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - driftsstyret med kake den 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - driftsstyret med kake den 25. januar Bjørg Jacobsen Stordalshallen 20 år - fellesbilde den 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - fellesbilde den 25. januar Hallgeir Hove

Sjølve er vi naturlegvis særs stolte over å kunne vise til at vi har hatt denne storstova vår i 20 år no og ikkje minst også særs stolte over alt det vi i fellesskap har fått til. Då siktar vi sjølvsagt både til den omfattande prosessen som låg bak realiseringa og i tillegg til desse 20 flotte åra, der stordalingar og andre har helde fram med å stille opp for Stordalshallen! 

Frå talarstolen i høve Årsfesten den 25. februar, omtala tidlegare ordførar Olav Bratland Stordalshallen som vår felles stoltheit. Bratland var som kjent den som fekk prosessen skikkeleg i gong og som naturlegvis også tok det første spadestikket i 1994. Vår felles stoltheit, er treffande!

I løpet av desse 20 åra, har interessa for Stordalshallen blitt stadig større også utanfor kommunegrensene og vi snakka gjerne om at Stordalshallen er blitt ein regional arena.

Den medieinteressa vi har fått også i høve jubileet vårt, stadfestar dette og det er naturlegvis veldig stas.

Sunnmørsposten skreiv om markeringa i Stordalshallen på dagen 20 år etter at den vart opna. Denne vart lagt ut på nettsida deira den 27. januar.

Vi hadde også eigen reportasje på sjølve jubileumsdagen den 25. januar

Storfjordnytt hadde ein fin reportasje om markeringa vår den 25. januar, på nettsida si, den 2. februar

Her er vår eigen reportasje som vi la ut den 16. februar.

Terje Engås og Ståle Wattø i Sunnmørsposten besøkte også Stordalshallen i februar. Dei slo av ein prat med dagleg leiar denne Helgapraten (PDF, 3 MB) var med i avisa, laurdag den 18. februar.

Også i samband med den suverene Årsfesten til Vinjehjellane, laurdag den 25. februar, vart det i forkant markert at Stordalshallen no feirar 20 år. Den 20. Årsfesten vart slik sett - om mogleg - endå flottare! 

Storfjordnytt sin reportasje om Årsfest 2017 (PDF, 465 kB)

I samband med 20 årsjubileet, har vi også hatt eit lotteri med premiar til ein samla verdi på over 30.000 kroner. Nyleg vart vinnarane der trekte ut.

Sjølvsagt har vi eigne jubileumsskjorter og eigen jubileumsbuff. Skjortene er levert av våre gode samarbeidspartnarar BRISK REKLAME og OLAV ØREN, medan det er TOMRA KONFEKSJON AS som har fiksa "buffen". Tomra Konfeksjon er sjølvsagt også ein av våre 100 gode samarbeidspartnar.

Når vi no er vel to månader inne i jubileumsåret vårt, må vi kunne hevde at merksemda dette har fått er stor. Vidare utover i jubileumsåret tek vi sikte på å presentere såvel bilder som film frå desse første 20 åra.

Ikkje minst er det nok mange som ser fram til å få sjå filmen frå den store opningsfesten for 20 år sidan, i si heilheit. Vi held det vi lova og har no lagt denne ut slik at alle som vil kan sjå den.

Så har vi fleire andre artige tilbakeblikk, som t.d. eitt av mange NRK-besøk, då Stian Barsnes Simonsen m.fl. laga ei utgåve av ungdomsprogrammet RESER her, tidleg på 2000-talet. Det er med andre ord berre å gle seg til meir.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove