Fotograf: Bjørg Jacobsen
Trønderkaillan i kjent stil fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Stor stemning når Karsten Skarphol og Tore Wullum kom med muntre historier og "toillprat" fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Mange ville sikre seg DVD´n til Trønderkaillan fotograf Bjørg Jacobsen
Pensjonisttreff og kulturkafe 10 april
Oddny Bergmann med flott "ord for dagen"

Stor stemning på pensjonisttreff og kulturkafé

Pensjonisttreffet i Stordalshallen var denne gongen eit samarbeid med kulturkaféen, som vanlegvis vert arrangert på Stordalstunet. Denne gongen var det Trønderkaillan som sto for underhaldninga og det vart ei livleg ettermiddagsstund for dei om lag 80 frammøtte.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.04.2013

Treffet vart opna av leiaren for Stordal og Liabygda pensjonistlag, Einar K Hove. Etter at han hadde ynskt velkomen og orientert litt om det som skulle skje utover ettermiddagen, var det Oddny Bergmann sin tur til å halde ord for dagen. Sidan vi er komen til april, framførte ho på vakkert vis mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt "Jeg velger meg april".

Mat, loddsal og allsong var det sjølvsagt også denne gongen. Allsongen vart flott akkompagnert av Ole Aasen på gitar og Kåre Myren på trekkspel. 


Stor stemning!

Underhaldninga denne gongen var det "Trønderkaillan" som sto for. Trønderkaillan består av Karsten Skarphol og Tore Wullum. Dette var tredje gongen dei besøkte Stordal og gjennom sitt program "Husker du", song dei slagerar frå 50- og 60- talet. I tillegg fekk dei fram latteren med både historier og "toillprat". Ekstranummer måtte til før "kaillan" fekk avslutta og då var det muligheiter for å kjøpe både DVD og CD'ar som Trønderkaillan har gitt ut.

Trønderkaillan syntest det var eit særs triveleg arrangement og dei ville meir enn gjerne kome på besøk igjen.


Turbuss for eit kvart høve!

Geiranger Turbil & Taxi, ved dagleg leiar Torbjørn Arntsen, var også invitert til møtet. Han presenterte firmaet og informerte om dei mange spanande turane dei arrangerar. I tillegg til desse skreddarsydde turane, som mellom anna går både til Sverige og til Tyskland, kan firmaet eigentleg stå til teneste nærast uansett kva det måtte vere. Stordal og Liabygda pensjonistlag plar arrangere årlege turar om hausten og er no i dialog med nettopp Arntsen i samband med denne. Her er enno ikkje destinasjonen endeleg bestemt.

I juni har pensjonistlaget planlagt "blåtur" og i juli er laget invitert med til Kristiansund og Smøla med Skodje pensjonistlag. Der skal dei også sjå utespelet "Fru Guri av Edøy".


Mykje som skjer!

Bjørg Jacobsen ved Stordal frivilligsentral var også til stades og ho informerte m.a. om Serviceskyss og ei rad komande arrangement. Ho peika mellom anna på at Serviceskyssen også kan nyttast til pensjonisttreffa, sjølv om dette er utanom dei fast oppsette tidene. Du kan lese meir om Serviceskyss her.  

Seinare denne månaden kan ein få med seg fyljande:

Onsdag 17. april kl 14.00 vert det ein ekstra kulturkafé på Stordalstunet. Då vert det song og musikk ved Frode Moltemyr og Rasmus Solem, som er på vårturné i området for tida. Dei trakterer både piano, gitar og trekkspel og med tittelen på turneen "Sanger vi minnes", ligg det an til ein rett så triveleg kulturkafé.

Torsdag 18. april kl 17.00-19.00 kjem Seniorshop til Stordalstunet. Dei reiser ut til kundane og ikkje motsatt. I varebilen har dei med seg eit variert utval i klede både til damer og herrer. Dei var på Stordalstunet også i november og dette var eit populært tilbod både til bebuarar og heimebuande eldre.

Tysdag 23. april kl 11.00 inviterer frivilligsentralen til filmframsyning. Då er det klart for Storfjordgruppa sin versjon av "We will rock you". Det er filmen frå forestillinga på Parken Kulturhus i april i fjor, som vil bli vist og det blir også sal av vafler og kaffi. Det er sjølvsagt muligheit for å kjøpe denne filmen, om du ikkje har sikra deg eit eksemplar endå. Den kan du kjøpe både på frivilligsentralen og ved servicekontoret på kommunehuset. Storfjordgruppa vart, som dei fleste har fått med seg, nyleg kåra til vinnar av Ungdom & Fritids pris for 2013.


Stor oppslutning og særs driftugt lag!

Det er all grunn til å slå fast at Stordal og Liabygda pensjonistlag verkeleg er driftuge og vi skjønar godt at oppslutninga er så stor, som den er. I høve til folketalet er det vel eigentleg ganske så unikt at laget samlar heile 80 pensjonistar til kvart eit einaste treff. Som kjent møtast dei fast, første onsdagen i månaden stort sett heile året rundt!   

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove