Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt på plass 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt på plass 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt på plass 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt på plass 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Reklameskilta gjer seg sjølvsagt ekstra godt, i samband med dei mange arrangementa i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove

Stor takk til våre samarbeidspartnarar!

Når vi no nærmar oss jul og etterkvart også skal ta fatt på eit nytt år fullt av muligheiter, er det på sin plass å rette ei takk til Stordalshallen sine 95 samarbeidspartnarar. Ytterlegare nye reklameskilt vart montert opp i går og med desse på plass kan vi konstatere at det ikkje er meir ledig plass!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.12.2012

Når vi tek eit tilbakeblikk på alt det som er skjedd i Stordalshallen også dette året, er det all grunn til å hevde at dette er unikt.

I tillegg til at alle våre samarbeidspartnarar vert profilerte i rikt mon og på mange ulike måtar, er det også rett å hevde at dei alle saman må finne seg i å dele på æra for alt det Stordalshallen står for. Nettopp det at vi har inngått eit så nært og godt samarbeid med verksemder frå fjern og nær, har nemleg vore ganske så avgjerande for utviklinga av det totaltilbodet Stordalshallen står for. Eit tilbakeblikk på mykje av alt det som folk frå fjern og nær har fått vore med på i Stordalshallen vil difor vere heilt naturleg. Ser ein på dei mange gruppene som har vitja oss og dei mange flotte arrangementa også dette siste året, kan vi med rette hevde at Stordalshallen er blitt ein REGIONAL ARENA!  

Vi vil difor enno ein gong be dykk legge merke til kven det er som har sett viktigheita av å inngå nærare samarbeid med Stordalshallen. På Stordalshallen si heimeside, som må kunne hevdast vere bra oppdatert på det meste som skjer her, finn ein sjølvsagt oversikt over dei alle saman. Der ligg sjølvsagt også hyperlink inne, slik de kan besøkje dei mange flotte heimesidene til våre samarbeidspartnarar. Ein artig kuriositet er det også å legge merke til kor raskt dei mange som nyttar Stordalshallen faktisk ser kva for skilt som er nye. Dette seier noko om kva effekt berre sjølve reklameskilta på veggane våre har. Når vi i tillegg passar på å minne om kven våre samarbeidspartnarar er både på facebook, på t-skjorter og halsar, ved hjelp av powerpointpresentasjonar og meire til, er det kanskje ikkje så rart at interessa er så stor.

Med denne reportasjen nyttar vi også høve til å takke dei mange verksemdene som har innsett kor flott det er å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar! Vi ynskjer dei alle saman lykke til i året som kjem, vi lovar å halde fram med vår omfattande profilering av dei og sist men ikkje minst oppmodar vi alle til å bruke dei, under mottoet:

Støtt våre samarbeidspartnarar - dei støttar oss!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove