Fotograf: Marco Tacca
Ragnhild Mowinckel klar for barmarkssamlinga! fotograf Marco Tacca
Torstein Lianes
Torstein Lianes har fått det meste av gangsperra ut av kroppen og stiller!
Fotograf: MFK
Stig Aambø kan meir enn å få MFK-spelarane i form, og kjem! fotograf MFK
Fotograf: Hallgeir Hove
Erik Skaslien og Ole H Busengdal. Det dei ikkje kan om alpintrenig, er ikkje verd å vite! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Både utøvarar, foreldre og trenarar i Stordal Alpin, gler seg til å vere vertskap! fotograf Hallgeir Hove

Stordal Alpin klar til å ta imot!

Alpingruppa er denne helga arrangør for Møre og Romsdal skikrets si store barmarkssamling. Også sist haust vart denne samlinga gjennomført her og tilbakemeldingane den gongen var særs gode. I morgon kveld brakar det altså laus, når om lag 60 utøvarar kjem for å delta på ei ny helg fullspekka med spanande aktivitetar!    


Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.08.2012

På fredag ettermiddag/kveld skal utøvarane gjennom eit omfattande testprogram, der både stadion og Stordalshallen vert nytt.

Frå tidleg morgon og til langt ut på ettermiddagen, laurdag, vert det ei rad ulike aktivitetar. Mellom anna vil det, som sist haust, vere vannski på programmet. I tillegg skal det turnast, klatrast osv, osv.

På søndagen er det topptur, som er hovudposten på programmet. Denne vert lagt til Overøyestolen, som også er målet for Ordførarens Tur, denne dagen!  

Dyktige instruktørar

Til liks med i fjor, der m.a. Andrine Flemmen var ein av dei eksterne instruktørane, kan alpingruppa også i år skilte med å ha særs dyktige instruktørar på plass.

Til å ta hand om instruksjonen på vannski, er Torstein Lianes klar. Den siste tida er kanskje han aller mest kjent for bragden der han var med på å sette ny (og uslåeleg?) rekord "Hjørundfjorden rundt". Han kan også sjå attende på siger i Alperittet, sist vinter og fleire sigrar i "trappeløpet" opp til Fjellstua i Ålesund. Elles er det sikkert kjent for dei fleste at han har køyrd på ski for Stordal Alpin og at han ein periode var ranka som verdas beste i si årsklasse!

Erik Skaslien er på plass også denne gongen. Han har vore trenar for damelandslaget i alpin og har i fleire år, også hatt hovudansvaret for alpinsatsinga ved Stranda skigymnas.

Frå skikretsen stiller administrasjonssjef, Stig Aambø. Han har også stor trenarkompetanse, og for tida ein av dei som kan vere med på å dele æra for at MFK sine spelarar hevdar seg heilt i toppen nasjonalt (og kanskje også internasjonalt?) Aambø har nemleg ansvaret for spelarane si fysiske form.     

Sist, men ikkje minst, er det ei stor glede å registrere at verdsmeister Ragnhild Mowinckel vert ein av instruktørane denne gongen! Ho kan sjå attende på ein vinter der ho sikra gull til Norge, både i storslalom og i suberkombinasjonen og vart beste utøvar totalt sett i VM! Det er ikkje vanskeleg å skjøne at det vil vere til stor inspirasjon for kretsen sine øvrige løparar at ho vil vere på plass. 

I tillegg til disse instruktørkapasitetane har sjølvsagt arrangørklubben mange instruktørar i sving, der fleire har særs høg kompetanse. Klubben sine mange ivrige foreldre stiller som vanleg også på for å gjere sitt til at deltakarane skal få ei super helg her i Stordal.     

Alt skulle dermed ligge til rette for ei ny flott alpinsamling her i Stordal!

Har du lyst til å få eit inntrykk av kva disse barmarkssamlingane innheld, kan det kanskje vere kjekt med eit tilbakeblikk på samlinga sist haust.

Eigen film frå samlinga i fjor, finn du her!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove