Stordal fysikalske også med!

Logo - Stordal fysikalske - Klikk for stort bildeLogo - Stordal fysikalske

Vi held fram med å presentere nye samarbeidspartnarar vi. I kveld kan vi også meddele at Stordal fysikalske er klare til å kome med på vinnarlaget vårt, noko vi sjølvsagt synes er stor stas.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2018

Marit og Marte ved Stordal fysikalske - Klikk for stort bildeMarit og Marte ved Stordal fysikalske Marte Helseth Hansen, Stordal fysikalske - visittkort - Klikk for stort bildeMarte Helseth Hansen, Stordal fysikalske - visittkort Stordal Treningssenter.jpg - Klikk for stort bildeStordal Treningssenter.jpg Pedro Eiendom AS - Klikk for stort bildePedro Eiendom AS

Stordal fysikalske institutt ligg i Pedro-bygget nede ved fjorden, vegg-i-vegg med Stordal Treningssenter. Dette er sjølvsagt ei ideell plassering, ikkje minst også med tanke på at dei to ved instituttet er veldig opptekne av å vektlegge nettopp dette med trening og å utføre øvingar, som den beste måten - i dei fleste høve - også å behandle på. Ved Stordal fysikalske får du dermed også god hjelp i høve til korleis du sjølv kan trene deg opp att og vi registerer at damene haustar mykje skryt for den jobben dei gjer.

På klinikken finn ein Marit Leganger Braute, som i tillegg til å være fysioterapeut, er utdanna osteopat. Ho har jobba ved klinikken i mange år. Marit har 40% driftstilskot frå kommunen og er på plass ved instituttet to dager i veka. I august tok fysioterapeut Marte Helseth Hansen over etter Ove Årdal. Marte har flytta heim til Sunnmøre etter å ha jobba fem år i Sogndal, både i kommune, på sjukehus og i bedriftshelsetjeneste. Ho har 50% driftstilskot frå kommunen.

For meir info, ikkje minst korleis du kan ta kontakt med Stordal fysikalske, viser vi til heimesida deira

Vi ynskjer Stordal fysikalske velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove