Fotograf: Hallgeir Hove
Johan Dyrkorn er leiar av Stordal Helselag i jubileumsåret. Her frå helselagsbasar nr 100 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria H Tøsse er konferansier på laurdag og truleg kan vi også gle oss til å få høyre ho synge fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tonika har også eit særs nært forhold til helselaget. Dei vil du også få høyre under jubileumsfesten fotograf Hallgeir Hove
Logo - G 4
Asle, Frank, Riemo og Jarle, er G - 4. Også dei vil vere på plass
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag har fått æra av å avrunde jubileumsfesten fotograf Hallgeir Hove

Stordal Helselag 100 år på laurdag!

Laurdag 1. mars er ein stor dag for alle i Stordal. Då fyller nemleg vårt kjære helselag 100 år og dette vert markert med flott jubileumsfest i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.02.2014

Det er Johan Dyrkorn, som er leiar i Stordal Helselag, og han kan meddele at det er heile 135 påmeldte til jubileumsfesten. Invitasjonen vart sendt ut til alle husstandane, i lag med eit flott jubileumshefte ført i pennen av Kristian Almås.  Det er grunn til å merke seg at det var Almås, som også laga festskrivet då helselaget runda 50 år i 1964. Når det no har gått nye 50 år, har Kristian teke føre seg også denne perioden og dermed kan vi glede oss over eit tilbakeblikk på heile hundreårsperioden samla. At helselaget vårt verkeleg har prega Stordalssamfunnet i løpet av alle desse åra, er det liten tvil i. Les jubileumsheftet og lat deg imponere over alt det Stordal Helslag har bidratt med. Med seg i redaksjonsnemnda for heftet, har Kristian Almås også hatt: Liv Jorunn Bakke, Tora Moe og Johan Dyrkorn.

Stordal helselag vart altså stifta 1. mars 1914. Medlemskontingenten var 25 øre for året og laget har heilt frå starten vore tilslutta Nasjonalforeningen for folkehelsen. 80 kvinner og menn teikna seg som medlemmer frå starten av. Det var kampen mot tuberkulosen som var laget si hovudsak desse første åra. (Les meir om Stordal Helselag under Stordalsportalen)

Vi har tidlegare laga reportasjar, der helselaget sin innsats dei siste åra er framheva ekstra. Ein del av dette er også peika på i samband med dei flotte basarane dei står bak, kvart år.   

Maria Holand Tøsse er den som skal lose festlyden gjennom ei feiring, som har mykje spanande på programmet.

Stordal Hornmusikklag er alltid på plass, når helselaget arrangerer sin årlege basar (nr 100 vart gjennomført i fjor). På laurdag er det dei som skal avrunde festen ved å spele: "Into the Clouds" - Richard L. Saucedo og "Eyes Open" evt "Skyfall Towards the Western Horizon" - Philip Sparke.

Tonika er også sjølvskrivne, då dei alltid har stått for underhaldinga i høve helselaget sine årsmøter.

I tillegg får festlyden oppleve dei fire karane i gruppa som kallar seg G - 4. Det er Asle Olsen, Frank Iversen, Riemo Eisma og Jarle Helgesen som utgjer denne.

Jenny Sørås, nyleg vidare til fylkesmønstringa av UKM også dette året, kan vi også gle oss til å få høyre.  

Ordførar Charles Tøsse vil sjølvsagt også vere på plass og representere Stordal kommune.

Mange gjestar utanfrå

Dyrkorn melder vidare at det vert mange gjestar utanfrå i høve jubileumsfeiringa. Frå Nasjonalforeningen for folkehelsen, kjem Generalsekretær Lisbeth Rugtvedt. Kari Ristesund har vore leiar for Nasjonalforeningen for folkehelsen, Møre og Romsdal siden 2007. Også ho har meldt sin ankomst på laurdag. Ho er også medlem av sentralstyret. Frå fylkesstyret vil vidare Lilly Anne Blindheim Rødal, vere på plass. Det same vil dagleg leiar ved fylkeskontoret, Else Marie Gulseth, vere.  

I tillegg vert det også gjestar frå helslaga både i Fjørå, Valldal, Eidsdal, Liabygda og Stranda, meddeler Johan Dyrkorn.

Jubileumsfeiringa startar kl 16.00 og vil halde på fram mot kl 19.00. I løpet av feiringa vert det også koldtbord og sjølvsagt også jubileumskake!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove