Plakat-Konsert med Stordal Hornmusikklag 16 nov 2014
Som vanleg har Stordal Hornmusikklaga laga flott plakat i samband med konserten
Wouter Simoens
Wouter Simoens er både komponist og ein særs dyktig pianist
Wouter Simoens
Simoens i aksjon på keyboard
Fotograf: Hallgeir Hove
Både Stefan Bocken (midten) og sjølvsagt Nick Ost (t.h.) får du oppleve på søndag fotograf Hallgeir Hove

Stordal Hormusikklag klar med ny konsert!

Førstkomande søndag (16. november) er det klart for ei ny konsertoppleving i Stordalshallen, når Stordal Hornmusikklag nok ein gong står klare til å gje publikum det vi vil ha. Også på søndagens konsert, kan musikklaget by på solistar i verdensklasse.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.11.2014

No skulle det truleg ikkje vere naudsynt å peike på at konsertane til hornmusikken er av ypperste merke, men for dei som enno ikkje har hatt gleda av å oppleve dei på scena, kan eit tilbakeblikk på tidlegare konsertar vere fornuftig å ta. (om du fyl lenkene i reportasjen, reknar vi med at de kan vere samd i at vi er umåteleg heldige som har eit slikt suverent musikklag i kommunen vår)

På søndag får vi oppleve desse stjernesolistane:

Wouter Simoens (piano, samt komponist av stykket "Cassiopeia") 

Stefan Bocken (klarinett)

(sjå gjerne også reportasjen vår frå april 2013, då Stefan Bocken nemleg også var med på den suverene konserten den gongen)

I tillegg til sjølve konserten, vert det både kafe og tombola. Merk dykk at det heile startar kl 17.00. Dette bør du ikkje gå glipp av!

Elles er det ingen grunn til å nøle med å dele og å invitere andre med på konsert, via arrangementetssida på facebook!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove