Stordal Hornmusikklag fornektar seg ikkje

Førstkomande laurdag, 6. april, kan vi alle få med oss ei ny stor konsertoppleving i Stordalshallen. Nok ein gong er det Stordal Hornmusikklag som arrangerer og også denne gongen har dei med seg gjesteartistar. Vestnes Musikklag, som hornmusikken har eit nært og godt samarbeid med, er medarrangør.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.04.2013
Stor rockekonsert med Stordal Hornmusikklag m.fl.
Opplev Maria som songsolist saman med Stordal Hornmusikklag og Vestnes Musikklag på laurdag

Stordal Hornmusikklag kan sjå attende på den eine konsertsuksessen etter den andre dei siste åra og det er verkeleg høg kvalitet på det dei har levert. Eit tilbakeblikk på ein del av dette kan difor vere på sin plass.

Denne gongen inviterer dei altså til Stor rockekonsert og sjølv om vi ikkje kjenner alle detaljane, er vi viss på at dette kjem til å slå an. Vi legg elles merke til at kafeen opnar kl 17.30 og då er det all grunn til å vere på plass. Overraskingar har dei også på lur.

Maria Holand Tøsse skal vere konferansier denne gongen og publikum vil også få gleda av å oppleve ho som solist. Nokon nærare presentasjon av Maria, er nok ikkje naudsynt og dei fleste veit av dykk har opplevd ho både i UKM-samanheng, som semifnalist i IDOL, i Det Store Korslaget og i ei rad andre samanhengar både her og andre stadar. Stemma hennar høyrer de elles kvar dag, gjennom jobben hennar hjå NRK Møre og Romsdal.

Det heile vil som vanleg skje under leiing av dirigent Nick Ost og denne gongen har han også med seg Stefan Bocken.

Stordal Hornmusikklag har sjølvsagt oppretta ei hending på facebook og dermed kan du få med deg meir også der. Ta deg gjerne bryet med å invitere dine venner til konsert. Dei vil garantert ikkje verte skuffa!

Vi gler oss!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove