Fotograf: Hallgeir Hove
Det måtte to ekstranummer til, før publikum let Sander Teepen, Nick Ost og dei andre få lov til å gje seg! Gabriels Obo må vere noko av det flottaste som er framført i Stordalshallen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
The Lord of The Rings - Claus og Jenny Marita fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
The Lord of The Rings -Sander Teepen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
The Lord of The Rings - Stordal Hornmusikklag under leiing av Nick Ost fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
The Lord of The Rings - Hobbit fotograf Hallgeir Hove

Stordal Hornmusikklag innfridde igjen!

Det er berre å gratulere Stordal Hornmusikklag med ein ny strålande konsert. Søndag 2. desember vart "The Lord of the Rings" framført i Stordalshallen og det på meisterleg vis. Her var ingenting overlatt til tilfeldigheitene og også denne gongen kunne arrangørane by på ein musikar i verdsklasse!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.12.2012

Det første som møtte publikum var ein foaje, som var laga til slik at ein fekk følelsen av å kome rett inn i verda til J R R Tolkien. Her var ingenting overlatt til tilfeldigheitene og fleire fekk seg rett og slett ein "kjipp" då dei passerte ein figur som såg rett så levande ut.

Det var filmmusikk som var tema for hornmusikklaget sin konsert denne gongen og eigen storskjerm vart nytta til å gje publikum innblikk i filmane, musikken var henta frå. Vi fekk så høyre det eine storslagne verket, etter det andre. Det var musikk frå storfilmar som t.d. "Zorro", "The Patriot", m.fl. Det heile toppa seg då Sander Teepen, oboist i verdsklasse, var solist på meisterverket "Gabriels Obo" av Ennio Morricone. Programleiar for kvelden, Claus Hoff, peika innleiingsvis på at det er blitt ein tradisjon at dirigent Nick Ost har med seg musikarar av ypperste merke til hornmusikken sine konsertar og denne nederlendaren var ikkje noko unntak i så måte! Det var nok ikkje enkelt å halde tårene tilbake når filmmusikken frå "The Mission" vart framført så ubeskriveleg vakkert. 

Midtvegs i konserten var det lagt inn ein pause på 15 minutt, slik publikum kunne nyte dei mange velsmakande kakene som alltid høyrer med når hornmusikken inviterer til konsert.

Konserten hadde fått tittelen "The Lord of the Rings" og etter pausen var det duka for både Gandalf (Claus Hoff), Arwen (Jenny Marita Sørås) og mange stilige hobbitar. Jenny Marita var solist på eitt av stykka i tillegg til at ho trakterte keyboardet elles under konserten. Framifrå innsats også av ho.  Claus Hoff fekk vi oppleve både som Zorro og som Gandalf og han losa oss flott gjenom konserten som den dyktige programleiaren han er.

I desse dagar er det premiere på ein ny stor film, der det er hobbitane som er tema. I avslutningsnummeret fekk vi oppleve musikk knytta nettopp til hobbitane og då også dramatisert ved at medlemmane i Stordal skulekorps var ikledd stilige kostymar og inntok arenaen. Flott!

Det måtte ikkje mindre enn to ekstranummer til, før publikum tillot dei dyktige musikarane å forlate scena! Heilt til slutt, fekk vi igjen oppleve Sander Teepen, som solist på "Gabriels Obo" (Ennio Moricone). Vakrare enn dette kan det rett og slett ikkje bli!


Det ligg sjølvsagt særs mykje arbeid bak eit slikt arrangement, både i form av øving, tillaging av kostymar og anna. Rett og slett imponerande er det. Stordalshallen Lyd og Lys sin innsats må også trekkjast fram. I tillegg til at dei var på plass under sjølve arrangementet, var det ikkje få timar som gjekk med for å få det heile opprigga og klart. Vi veit m.a. at Robert Iversen, (dels assistert av Per Magne Øvrebust) brukte heile 15 timar i forkant av arrangementet for henge opp og programmere det som hadde med lyssettinga å gjere. Om lag like mykje tid brukte også Jarle Helgesen (ansvarleg for lyd) og Frank Iversen (ansvarleg for lys) i samband med konserten. I tillegg nemner vi at Roger Alne tok hand om å styre lyskastaren på tribuna. Arbeidet med å gjere ein idrettshall om til konsertsal (og sjølvsagt få rydda vekk att etterpå) er heller ikkje gjort i ein fei og når vi veit at dette også er noko av det arbeidet som kviler på dei dyktige musikantane, vert det heile ekstra imponerande.  

No er det ikkje første gongen Stordal Hornmusikklag har imponert oss på denne måten. Sjå gjerne vår førehandsreportasje der vi også har teke eit tilbakeblikk.

Gratulerer med ein ny strålande konsert!

Fleire bilder frå konserten på Stordalshallen si facebookside.

Sjå også flott reportasje på Storfjordnytt si nettside!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove