Fotograf: Stordal Hornmusikklag
Gle dykk! fotograf Stordal Hornmusikklag
Fotograf: Privat
Gabriels Obo framført av nederlandske Sander Teepen, vert nok eitt av dei mange høgdepunkta fotograf Privat
Fotograf: Stordal hornmusikk
Det er belgiske Nick Ost som er dirigent også denne gongen fotograf Stordal hornmusikk

Stordal Hornmusikklag klar med ny flott konsert!

Søndag 2. desember er det klart for ny flott konsertoppleving, når Stordal Hornmusikklag då vil ta oss med på ei reise inn i filmmusikken si verd. Det vert ei eiga avdeling med musikk frå "Ringenes Herre" og vi får mellom anna også oppleve Sander Teepen frå Nederland, som solist på "Gabriels Obo".

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.11.2012

Stordal Hornmusikklag kan sjå attende på ei rad flotte konsertar, både i samarbeid med andre hornmusikklag og der dei også har hatt andre gjestande musikarar og songarar med. Mest kjent av desse er truleg Jan Werner, men felles for alle desse konsertane er at dei verkeleg har gitt publikum eineståande opplevingar. Våre tidlegare reportasjar gir eit visst inntrykk av både dette og det dei driftuge hornmusikantane har utretta. (NB! Du finn lenker til ytterlegare fleire reportasjar i den første reportasjen du kjem til, sjølvsagt!)

Stordal Hornmusikklag har også eiga side på facebook, der ein kan få med seg meir om laget.

I samband med den komande konserten har dei sjølvsagt også oppretta eiga hending, som vert oppdatert regelmessig framover mot den store kvelden! 

Med dette oppmodar vil alle til å få med seg konserten:

i Stordalshallen, søndag 2. desember kl 19.00.

Ein liten forsmak på kva vi har i vente kan du få her, når Sander Teepen er solist saman med Jos Zegers, i dette opptaket på Youtube

Vi har også den flotte "Vamp-konserten" frå mars i år, friskt i minne!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove