I Dovregubbens hall
Det blir trolsk i Stordalshallen, laurdag den 7. november
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå Stordal Hornmusikklag sin konsert i november i fjor fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå konserten til hronmusikken og skulekorpset i april 2014 fotograf Hallgeir Hove

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps ynskjer velkomen til konsert i Dovregubbens hall!

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps er klare med nok ein storkonsert og då veit alle at vi verkeleg har noko å gle oss til. Denne gongen ligg alt til rette for ei skikkeleg trolsk stemning, når Stordalshallen vert gjort om til Dovregubbens hall.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.10.2015

Laurdag 7. november er det klart for stor korpskonsert i Stordalshallen. Denne dagen er hallen omgjort til «DOVREGUBBENS HALL» og korpsa vil prøve å skape ei trolsk stemning gjennom kulissar, rekvisitar, lyssetjing og sjølvsagt musikalsk. Kanskje dukkar det opp eit troll eller fleire også?

Det vert også presentasjon av dei nye aspirantane til skulekorpset og det er all grunn til å gle seg over at det er heile 14 nye aspirantar i år. Skulekorpset vil framføre nokre nummer åleine og nokre saman med hornmusikken. Dei vil formidle musikk om både vikingar og ein heimsøkt karusell.

Etter pausen er det hornmusikken sin tur. Dei har med hjelp frå Vatne Hornmusikklag, som dei har eit godt og nødvendig samarbeid med. Det er frå denne avdelinga dei også har funne tittelen på konserten. Hornmusikken vil framføre Edward Grieg si Suite nr. 1 frå Peer Gynt. Den inneheld «Morgenstemning,» « Åses Død» «Anitras Dans» og «I Dovregubbens Hall.»

Dirigent Nick Ost har arrangert musikken slik at den passar for akkurat dette korpset. Vi vil møte Peer Gynt i eigen person gjennom konferansier Odd Einar Kalvø. Han vil også setje publikum i rett stemning gjennom å fortelje/dramatisere litt av historia om lystløgnaren Peer Gynt.

Resten av musikken musikklaga spelar, har også norsk eller irsk preg. Vi vil blant anna møte den flotte norske «Valdresmarsj» og den irske «Down by the Sally Garden» godt kjent på norsk med Sondre Bratlands tekst som «Gje Meg Handa Di Ven».

Som de ser vil ikkje musikken hovedsakleg handle om Tussar og Dovregubbar, men vi trur vi kan gje publikum ei trolsk, fengslande musikalsk oppeving på ulike måtar.

Det vert sjølvsagt «Trollstore kakebord» og utlodding til inntekt for korpsa.

Det er Torill Brastad, som har sendt oss denne førehandsomtalen om konserten og med denne omtalen, samt erfaringar frå tidlegare konsertar i regi av hornmusikken og skulekorpset, er det all grunn til å merke av dato og klokkeslett på kalendaren! 

LAURDAG 7. NOVEMBER KL 17.00! NB! KAFEEN OPNAR KL 16.30! (Sjå eigen flott plakat som pdf nedst på sida her)

For meir om dei fantastiske korpsa våre og meir om alt dei har gitt oss, anbefaler vi eit tilbakeblikk på mykje av dette i våre tidlegare reportasjar! (kvar reportasje du kjem til, har eigne lenkjer som gir deg høve til eit ganske så langt og flott tilbakeblikk. Ikkje minst er det mange kjekke bilder å sjå tilbake på)


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove