Stordal Hornmusikklag sin årvisse basar, fredag 16. januar

No er det snart tid for Stordal Hornmusikklag sin årlege basar. Den går av stabelen i Stordalshallen, fredag 16. januar og då med oppstart kl. 18.00. Tradisjonen tru, får vi også denne gongen ein minikonsert på kjøpet og det vert sjølvsagt også kafe m.m. Rett ein triveleg fredagskveld med andre ord, der vi kan vere vel vitande om at vi også har vore med på å bidra til at dei supre musikantane våre får inn pengar, viktige for å kunne drive korpset. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.01.2015
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Frå minikonserten i høve basaren i januar 2014 fotograf Bjørg Jacobsen

Ikkje minst fordi dette er ei viktig inntektskjelde, er det grunn til å håpe at mange har anledning til å ta turen til Stordalshallen denne kvelden. Stordal Hornmusikklag ynskjer i alle fall alle hjerteleg velkomne til ein kjekk og sosial kveld i bygda vår.

Det heile startar med ein minikonsert med Hornmusikken, så blir det åresal, kafè og trekning av lodda som har blitt seld på bøkene.

Om nokon har lyst å støtte koprset ved å gi nokre åregjenstandar eller ei plante, blir dei veldig glad for det.

Gevinstar kan leverast :
• Til medlemmar i korpset.
• På øvingane torsdag 8. januar eller tysdag 13. januar kl. 20.00- 22.00.
• På Joker eller Coop

Dei to neste vekene vil Stordal Hornmusikklag også besøkje husstandane for å selje lodd på bøkene. Trekninga skjer på basaren, men gevinsten får du sjølvsagt uansett om du har høve til å vere med på basaren eller ei.

Om du har lyst, kan du ta eit tilbakeblikk på ein del av alt det Stordal Hornmusikklag har gitt oss dei siste åra. Du finn lenker i reportasjen vår frå den kjekke basaren med god oppslutning, for om lag eitt år sidan.

Det kjem nok ikkje som noko overrasking at vi oppmodar alle til å ta særs godt imot loddseljarane! Likeeins er det supert om du kan tipse venner og kjente både på sosiale media og elles.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove