Stordal IL, logo
Stordal IL har klart det igjen! Bli med og få på plass dei siste kronene innan den 9. april
Fotograf: Hallgeir Hove
Arbeidet med å få tilbygget på plass går sin gong, med ein enorm dugnadsinnsats frå mange fotograf Hallgeir Hove

Stordal IL har samla inn kr 491.260!

Når vi no skriv 1. april 2014, kan vi med glede meddele at Stordal IL sin innsamlingsaksjon retta mot tilbygget ved Stordalshallen, so å seie er i mål. No manglar ein berre kr 8.740 før den halve millionen er på plass. Alldeles imponerande!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.04.2014

Leiaren i Stordal IL, Vigdis Hove, er imponert over den store viljen til å stille opp kring nok eit flott prosjekt og då gjeld dette også denne gongen både enkeltpersonar, lag og organisasjonar og lokalt næringsliv.

Du kan sjå oversikta over dei innsamla midlane som pdf nedst på sida.

No er det å håpe at dei siste kronene også kan kome på plass og stas hadde det sjølvsagt vore at dette var i boks før Stordal IL sitt årsmøte den 9. april.

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar om gåveaksjonen. Der finn ein meir også om prosjektet elles.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove