Fotograf: Hallgeir Hove
Tilsette hjå Busengdal Transport AS har alt lagt ned betydeleg dugnadsinnsats! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Den eldre garde stiller som vanleg også opp! fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
..det same gjer ungdomen! fotograf Hallgeir Hove
Stordal IL, logo
Stordal IL har gitt kr 185.000,-!
logo sparebanken møre
Sparebanken Møre har gitt kr 50.000,- og Stordal Helselag kr 15.000,-!

Stordal IL samlar inn kr 500.000!

Dei fleste har fått med seg at arbeidet med å få tilbygget ved Stordalshallen på plass, er i full gong. Mange har alt vore i aksjon og lagt ned stor dugnadsinnsats i samband med at det meste av grunnarbeidet alt er utført. Også kva gjeld finansieringa er dette eit stort løft og Stordal IL er i full gong med å samle inn dei kr 500.000,- laget har teke på seg å hente inn. For å kome heilt i mål treng laget hjelp frå flest mulig private bidragsytarar.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.10.2013

Tilbygget ved Stordalshallen har ein totalkostnad på kr 6,4 million. For å realisere dette krevst det ein betydeleg dugnadsinnsats. Denne er faktisk berekna til over 1 million kroner. Spelemidlane vil kome på omlag kr 2 million kroner. Trass dette, er det ikkje til å legge skjul på at det den kommunale andelen vart langt høgare enn det ein først hadde sett føre seg. (garderobar, dusjar og heile seks nye toalett, med tilhøyrande ventilasjonsanlegg, er noko av årsaka til den auka totalkostnaden) Likevel vedtok som kjent kommunestyret å løyve dei ekstra midlane som måtte på plass, men det er ikkje til å legge skjul på at vedtaket "sat langt inne". Uansett syner dette at det er ei felles forståing for kor viktig det er å få realisert desse planane.

Då eit slikt tilbygg er eit stort økonomisk løft, men at ein verkeleg såg behovet for å få dette på plass, signaliserte også Stordal IL - i samband med utarbeidinga av spelemiddelsøknaden - at laget ville bidra med å få på plass kr 500.000,-.  

Leiaren i Stordal IL, Vigdis Hove Øie, kan med glede meddele at ein i skrivande stund er godt over halvvegs til å nå dette beløpet.

Så langt har laget fått inn midlar slik:

Sparebanken Møre har gitt kr 50.000,-
Stordal Helselag
har gitt kr. 15.000,-
Stordal IL
har gitt kr 185.000,-

Stordal IL sin andel er komen inn slik:
Hovedstyret: kr 18.400,-
Fotballgruppa: kr 100.600,-
Allidrett: kr 41.000,-
Langrenn: kr 10.000,-
Barneidrett: kr 10.000,-
Friidrett: kr 5.000,-

For å kome i mål med innsamlinga går SIL breidt ut og sender m.a. søknadar inn mot ei rad ulike tilskotsordningar rundt om. I tillegg er det sendt ut 450 giroar til husstandane i Stordal kommune, med fyljande oppmoding: 

Bli med og gi ei pengegåve til Stordalshallen - få skattefrådrag!

Vigdis Hove Øie kan med glede meddele at innsamlinga hittil (pr 3. oktober) har gitt fyljande resultat: Kr 267.000,-.

Bidraga frå private er med andre ord i full gong med å kome inn og på kort tid var kr 17.000,- på plass. I dagane framover, er det grunn til å håpe og tru at så mange som mulig vil vere med å bidra med sin andel og her er det sjølvsagt viktig å peike på at "alle monner drar". I samband med realiseringa av Stordalshallen, utgjorde slike private gåver ein betydeleg andel og når ein no, snart 20 år seinare, på ny håper på å få inn pengegåve - men då i langt lågare skala - er kanskje ikkje dette uoverkomeleg?

Innbyggjarane i Stordal kommune har iallefall vist at det er stor vilje til dette tidlegare og vil nok også denne gongen bidra!

Nedanfor finn du giro med oppmodinga frå Stordal IL, som pdf. 

Send gjerne oppmodinga frå Stordal IL videre til venner og andre i nettverket ditt!

Alt no er det kome fleire fine gåvebeløp inn på kontoen – dette blir kjempebra!

Les gjerne meir om prosjektet i tidlegare nyhendereportasjar:

Då er vi i gong! (lagt ut 28. august)

Eineståande dugnadsinnsats! (lagt ut 14. september)

Vi hadde også eigen reportasje om planane også i mai i år (merk at kostnadane oppgitt då ikkje stemmer)

Mange har også fått med seg at vi har etablert ei eiga facebook-side kalla Utvidinga av Stordalshallen 2013/2014  Det er særs gledeleg å registrere den store interessa også der og berre på kort tid (2-3 veker), er det over 200 personar som har valgt å engasjere seg i prosessen på dette viset. Nærast frå dag til dag, kan ein der fylje med på utviklinga.

Alt tyder med andre ord på at bygdene våra enno ein gong skal vise kva vi får utretta, i og med at vi lyfter i flokk! 


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove