Stordal kåra til Norges mest effektive kommune!

Det er Vista Analyse, på oppdrag frå NHO, som har rangert kommune-Norge. Heilt på toppen av lista, når alle landets kommunar er vurderte, finn vi altså Stordal!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2013
 Kommunevåpen
Stordal til topps nok ein gong!

Vista Analyse har mellom anna nytta offisiell kommunestatistikk, og sett opp rangeringa etter effektiv forvaltning, korleis ressursane blir utnytta, korleis kommunane brukar den private marknaden og korleis innbyggjarane og næringslivet blir skattlagde.

".... spesielt gledelig å se en liten kommune som virkelig får det til. Gratulerer Stordal!"

No vil det sjølvsagt alltid kunne stillast kritiske spørsmål til slike kåringar og ein kan hevde at vurderingsgrunnlaget ikkje nødvendigvis får fram eit heilheitleg bilde. Men når det er sagt er det nok også endå meir som kunne vore trekt fram, som ganske så sikkert ville slått positivt ut for Stordal kommune sin del. Ikkje minst gjeld dette alt det som er kome på plass av anlegg og lokalitetar, og all den positive aktiviteten som skjer der, takka vere eit særs godt samspel mellom lag/organisasjonar, lokalt næringsliv og (nettopp) kommune. 

Uansett eventuelle feilmarginar i høve slike rangeringar, kan vi ikkje anna enn å gle oss over nok ei kåring som bidreg til at fokus vert retta mot vår kommune og den føyer seg fint inn i rekkja av kåringar o.l. dei siste åra. Her kan vi nemne fyljande:

Stordal - den beste kommunen i Møre og Romsdal!

Stordal på topp!

Stordal skule vart kåra til Norges beste skule i 2011! (og det før det nye skulebygget var på plass!)

Stordal kommune vart kåra til Årets Ungdomskommune i 2009!

Stordal kommune vart kåra til Årets Fotballkommune i 2007! (i tillegg vart idrettslaget kåra til Årets breiddeklubb i 2012!)

Stordal kommune vart kåra til Årets Turkommune i 2005! 

Vi kan heller ikkje unnlate å ta med denne, då vi vel å tru at mykje av dette heng saman på sett og vis:

Stordal vert lagt merke til!

Det handlar nok i stor grad om "å løfte i flokk", noko ein har eit bestemt inntrykk av at ein lukkast relativt bra med. Ein er også rimeleg trygg på at resultata frå dei mange kåringane og anna, ikkje fungerer som noko sovepute. Snarare tvert om!


Les meir om kåringa her:

Norges mest effektive kommune (Dagens Næringsliv 27. desember 2012)

Dyktig som liten (Dagens Næringsliv 28. desember 2012)

Dette er Norges mest effektive kommune (NRK Møre og Romsdal, 27. desember 2012)

Nynorskkommune mest effektiv (Framtida.no, 27. desember 2012)

Stordal kommune landets mest effektive (Sunnmørsposten, 27. desember 2012)

Stordal: Liten og kjapp (LNK-Nytt, 2. januar 2013)

Sjå landsoversikta i NHO sitt EffektivitetsNM 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove