Kommunevåpen
Stordal kommune kjem godt ut i Kommunebarometeret
.
Mykje tyder på at det er godt å bu og å vekse opp i Barnas kommune

Stordal på topp!

Tal presentert nyleg plasserer Stordal kommune på 1. plass av alle kommunane i vårt fylke, på 1. plass av alle kommunane i Norge med under 2000 innbyggjarar og på 9. plass av alle landets 429 kommunar.
 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.05.2012

Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer vert presentert for tredje gong og årets utgåve er utvida kraftig. Ein har m.a. nytta over 100 ulike nøkkeltall for å vise kommunane sine prestasjonar. Om lag 50 000 tall utgjer grunnlaget, når kommunane vert rangert.

I leiarartikkelen i Kommunal Rapport, vert det peika på at det ikkje nødvendigvis er katastrofe innan den eine eller andre sektoren, om ein hamnar blant dei med dårligst resultat, men det indikerer definitivt at kommunen har noko å gå på.

Når vi presenterer dette barometeret, der Stordal kommune altså toppar listene, må dette sjølvsagt ikkje tolkast som om ein skulle meine at det ikkje er meir å gå på også her.
Det er truleg også slik at ein ikkje kan lese alt ut av slike tall, men uansett er det kjekt å registrere at lille Stordal, vert rangert som den 9. beste kommunen i heile landet!

Også bra på kultur!

Det høyrer også med å peike på at det på eit felt der Stordal kommune ikkje scorar så høgt ein kunne ynskje, nemleg på kultur, er det slik at særs mykje av det både fastbuande og besøkjande får oppleve og ta del i, faktisk ikkje vert målt i denne undersøkinga. Men like fullt er dette ein del av verkelegheita og noko av det som bidreg til auka bulyst, auka stoltheit over å høyre til her, osv. (Telemarksforsking meiner rett nok å kunne fastslå at kulturtilbod ikkje har noko innverknad på dette med bulyst, men det er nok mange rundt om som stiller seg tvilande til nettopp det) Les gjerne reportasjen på Sunnmørsposten si nettside for meir om dette.

Under framtidskvelden i regi av Møre og Romsdal idrettskrets nyleg, vart også dette med kulturen si sentrale rolle hjå oss, langt på veg stadfesta. Det er om lag 60 ulike lag og organisasjonar i kommunen vår, og berre for Stordal IL sin del opererer ein med tal som plasserer oss heilt i toppen nasjonalt sett. Det er nok ikkje mange som kan vise til ei medlemstilslutning på nærare 45%! Vi veit også at sjølv om idrettslaget har ein sentral possisjon i kommunen vår, er det også på same viset ei enorm tilslutning i mange av dei andre laga og organisasjonane. Vidare dokumenterer vi også nærast dagleg eit enormt aktivitetsnivå som bidreg til at både fastbuande og tilreisande får ta del i kulturtilbod vi så absolutt har grunn til å vere stolte av!

Er det størrelsen det kjem an på?

Ein skal ikkje her gje seg ut på å meine for mykje om dette med kommunestørrelse og kommunestruktur, men truleg bør også forholda trekt fram her telje med, når nettopp kommunestrukturen er tema. I siste utgåve av Kommunal Rapport, som du kan finne i si heilheit nedst på sida, er dette med kommunestørrelse kome inn på.

Sjølv om dette ikkje må oppfattast dit hen at ein trur at alt er såre vel på alle områder her hjå oss, kan iallefall talmaterialet frå det ferskaste Kommunebarometeret tyde på at lille Stordal, med sine 1030 innbyggjarar, hevdar seg godt.

Av fleire tidlegare kåringar, der Stordal kommune hamnar på toppen av listene, tek vi gjerne med at Stordal skule vart kåra til Landets beste skule i 2011 (undersøkjing utført av Dagbladet) Vi tek meir enn gjerne også med lenke til reportasjen der vi peika på at Stordal vert lagt merke til!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove