Stordal skule klar med ny suveren juleavslutning!

Ventetida er over folkens! I kveld vil vi atter ein gong få oppleve kva elevar og lærarar ved Stordal skule er i stand til å få til, når vi vert invitert med på skulen si store juleavslutning i Stordalshallen. I fjor var det 500 personar som fekk med seg det heile, noko som seier det meste om interessa!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
I 2010 var det mellom anna Putti Plutti Pott vi fekk oppleve fotograf Hallgeir Hove

Hovudinnslaget dette året er oppsettinga; "A Christmas Carol" (Ei julefortelling) av Charles Dickens. I tillegg får vi mykje flott song og andre innslag. Juletreet er sjølvsagt også på plass i grendasalen og no er det berre å gle seg til eit nytt suverent arrangement i skulen sin regi.  

Noko av det som er så flott med juleavslutningane til Stordal skule, er også det at alle elevane er med. Dei aller fleste sjølvsagt på scena, men i tillegg er fleire involvert i både det som har med lyd, lys og anna å gjere.

For å bygge opp forventningane ytterlegare til det vi kan rekne med å få oppleve i kveld, kan det vere på sin plass med eit tilbakeblikk på juleavslutningane dei siste åra

Det heile startar kl 19.00 og det kan vere lurt å vere tidleg ute, for her vert det nok mykje folk!

Vi gler oss!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove