Stordal skule si juleavslutning, får du med deg tysdag 20. desember!

Putti Plutti Pott - Juleavslutning Stordal skule 2015 - Klikk for stort bildePutti Plutti Pott - Juleavslutning Stordal skule 2015 Om nokon er i tvil, går altså Stordal skule si juleavslutning av stabelen, tysdag den 20. desember. Om de ikkje alt har gjort det, er det med andre ord berre å starte å gle seg!    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2017

Når vi i skrivande stund er i gong med adventstida, er det også mange som ser fram til å få oppleve den årvisse juleavslutninga. Det er nemleg knapt nok noko som kan måle seg med Stordal skule sine juleavslutningar og eit tilbakeblikk er difor verkeleg på sin plass.  (det er berre å fylje lenkene attende i tid heilt til avslutninga i 2009)

125 bilder frå juleavslutinga i fjor, kan det kanskje også vere kjekt å sjå? Også i fjor var det nærare 500 på plass i Stordalshallen, når skulen m.a. framførte Putti, Plutti, Pott betre enn nokon! Det som elles særmerkjer desse flotte arrangementa, er at alle elevane på skulen er med, anten dei no står på scena, har ansvar i høve til lyd og lys, eller har fått andre oppgåver.

Kva vi får oppleve frå scena i Stordalshallen denne gongen, har arrangørane klart å halde ganske så hemmeleg, men at det er all grunn til å gle seg til tysdag den 20. desember, er det ingen tvil om.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove