Stordal skule si juleavslutning, onsdag 20. desember!

Snødronningen - Juleavslutning, Stordal skule 2017 - Klikk for stort bildeSnødronningen - Juleavslutning, Stordal skule 2017

Det er nok ikkje få som går og gler seg til Stordal skule si juleavslutning, og onsdag den 20. desember er dei altså klare med ei ny forestilling til oss. Hovudoppsettinga i år er "Snødronningen" av HC Andersen. I tillegg veit vi at det vert mange flotte innslag frå scena, også utover dette. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.12.2017

Det er ungdomssteget, som skal presentere "Snødronningen" til oss på scena i Stordalshallen, neste onsdag, og i tillegg vert det song og dramatisering frå småsteget og mellomsteget.

Det er liten tvil om at skulen sine juleavslutningar er eitt av dei store høgdepunkta i løpet av året og også alle dei som bur vekke, elles i året, gjer alt dei kan for å få med seg desse. Dermed er det heller ikkje uvanleg at det møter opp nærare 500 personar for å få oppleve det heile. Sikkert ikkje så dumt å vere tidleg ute heller då. 

Juleavslutninga startar kl 19.00. 

Om du har lyst, kan du ta eit tilbakeblikk på tidlegare juleavslutningar. Vi har laga både reportasjar og bildegalleri det kan vere kjekt å studere nærare. Desse går heilt tilbake til juleavslutninga i 2009.

Her er - i tillegg - 83 bilder frå den flotte juleavslutninga i fjor

Stordal skule si facebookside - som vi sjølvsagt anbefalar på det varmaste - er det oppretta ei eiga hending knytt til juleavslutninga.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove