Stordal Skulekorps 50 år!

Søndag den 27. oktober er det duka for storslått jubileumskonsert i Stordalshallen. Stordal Skulekorps feirar 50 års jubileum og då er det på sin plass med ei skikkeleg markering. I tillegg til Stordal Skulekorps, vil også Stordal Hornmusikklag ta del. Vi får også oppleve gjestekorps frå både Ørskog og Skodje. Det vert i tillegg bildeframsyning og anna kjekt!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.10.2013
Stordal Skulekorps for ca 40 år sidan
Stordal Skulekorps marsjerer forbi Stordal kyrkje for om lag 40 år sidan.

Jubilanten har invitert mange gjestar til konserten, m.a. tidlegare dirigentar. Dei oppmodar sjølvsagt også tidlegare korpsmedlemmar til å ta del i jubileumsfesten.

Loddsal og kafe

I tida fram mot konserten er det loddbøker ute på vandring i bygda, og dei heldige vinnarane vil bli trekte under konserten. Det vil bli både tombola og korpskafe i grendasalen i pausen.

Bildeframsyning

Med ei så lang og flott historie, som det Stordal Skulekorps kan vise til, er det på sin plass med ei eiga framsyning av korspsbilder. I samband med jubileumskonserten vil ein få sjå bidler frå både ny og gamal tid.

God rekruttering og stor aktivitet

I jubileumsåret kan både korpset og alle oss andre, gle oss over at rekrutteringa er betre enn på lenge. Korpset har som kjent også vore på eigen flott jubileumstur til Belgia, denne hausten.

Heilt sentral plass i kulturlivet i Stordal!

Når Stordal Skulekorps no feirar 50 år, er det verkeleg på sin plass å trekkje fram korpset sin heilt sentrale plass innan kulturlivet her. I tillegg til dei særs mange som har fått vere med og lært seg å spele og sjølvsagt fått ei rad flotte opplevingar på stemner og korpsturar både i inn- og utland, vert det ikkje minst viktig å trekkje fram alle dei flotte opplevingane Stordal Skulekorps har gitt oss! Anten det no er i samband med 17. mai-feiringar, førjulskonsertar i kyrkja, julegrantenningar eller anna, Stordal Skulekorps har alltid vore på plass! I tillegg har dei både åleine og saman med Stordal Hornmusikklag (og ytterlegare andre for den del) gitt oss ei rad flotte konsertopplevingar.

Stordal har fostra særs mange talent innan musikken og også i den samanhengen har sjølvsagt Stordal Skulekorps spela ei sentral rolle. Ei stadfesting på dette, fekk vi i samband med Jenny Langlo sin siger i IDOL-konkurransen. Jenny har ikkje lagt skjul på at nettopp åra ho fekk vere med i Stordal Skulekorps, har hatt særs mykje å seie for ho. Vi nemner gjerne også at Mats Rune Lilleås Larsen har sin bakgrunn m.a. frå Stordal Skulekorps.     

Vi har dukka ned i nyhendearkivet vårt og leita fram ein del reportasjar frå dei siste åra og også desse stadfestar noko av alt det vi har fått oppleve!

Fin minikonsert den 4. juni i år 

Flott gåve frå Sparebanken Møre!

Betre rekruttering

Flott vårkonsert 

Flott øvingshelg i Stordalshallen

Kjempeflott Astrid Lindgren-oppsetting!

Skulekoprset med fin førjulskonsert ved ungdomsklubben 

Stordal og Vatne skulekorps imponerte! (Grease-konsert)

Suveren konsert!

Øvingshelg med konsert

Øvingshelg og konsert 


Då er det berre å gle seg til storslått jubileumskonsert, søndag den 27. oktober! Det er all grunn til å tru at det er særs mange som ynskjer vere med og feire det flotte skulekorpset vårt! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove