Stordal stiller opp for TV-aksjonen!

TV-aksjonen 2016 - Klikk for stort bilde Førstkomande søndag, 23. oktober, er det klart for TV-aksjonen 2016. Då er det all grunn til å håpe på eit særs godt resultat også for Stordal kommune sin del. Elevane i 9.klasse og kommunestyremedlemmane skal gå med bøsser med oppstart kl 17.00.Men her i Stordal har vi faktisk tjuvstarta med fleire flotte tiltak til inntekt for årets TV-aksjon allereie, noko m.a. TV-aksjonen Møre og Romsdal har lagt merke til! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.10.2016

TV-aksjonen 2016 - Fotball i Stordalshallen - Klikk for stort bildeTV-aksjonen 2016 - Fotball i Stordalshallen Linda Vad TV-aksjonen 2016 - Sponsorløp - Klikk for stort bildeTV-aksjonen 2016 - Sponsorløp Linda Vad TV-aksjonen 2016 - Fotball i Stordalshallen - Klikk for stort bildeTV-aksjonen 2016 - Fotball i Stordalshallen Linda Vad TV-aksjonen 2016 - Sponsorløp - Klikk for stort bildeTV-aksjonen 2016 - Sponsorløp Eva Hove I går var det valfagsgruppa "Innsats for andre", ved Stordal skule, som samla inn imponerande kr 7.735,-. Dei arrangerte fotballkampar i Stordalshallen, der alle som deltok betalte inn så mykje dei ville og der dei då også fekk seg vafle. Sjølvsagt stilte også lærarane opp og at det vart kjempestemning i idrettshallen, er det liten tvil om! I tillegg til fotballen, samle gruppa også inn pengar på sal av vaflar også i sjølve matpausen på skulen. Kjempeflott!

På måndagen vart det arrangert "Sponsorløp" på Kirkebø Stadion. Dette var det kommunekomiteen for TV-aksjonen som stod bak. Heile 30 personar - både store og små - deltok og det kom inn rundt kr 4.200,- også den ettermiddagen.

Under møtet i formannskapet onsdag, vart det vidare bestemt at kommunen skulle gi kr 5000,- til aksjonen!

For alt det vi kjenner til, er det kanskje også endå fleire flotte tiltak som er sett i verk dei siste dagane og det er særs gledeleg å registrere den store viljen til å vere med og bidra! Vi sluttar oss så absolutt til ordlyden til ordføraren vår her:

"Å kome høgt på statistikken over dei som støttar Røde Kors sitt hjelpearbeid for menneske som er ramma av krig og konflikt, er ein god ting!"

Søndag kjem altså bøsseberarane ut til deg og vi håper du tek godt imot dei!

Meir om TV-aksjonen 2016

Allereie før vi er komen i gong for fullt, ligg vi på 6. plass blant kommunane i Møre og Romsdal! Pallplassen er absolutt innan rekkevidde!  

Om det er andre som har lyst til å køyre igong ein eigen aksjon, evt verksemder, organisasjonar eller private, som ynskjer å gje eit bidrag og registrere dette i kommunekampen, er dette enkelt å finne fram til.

Sjå også motteken tekst m/bilder frå lærar for valfagsgruppa "Innsats for andre", Lone Stavnes (PDF, 561 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove